Yngvar Andersen

Yngvar Andersen

Fødd: 1974 (51 år)

Yrke: skribent, politikar, personlig trener

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar.

Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole.

Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter i Oslo med namnet Mykjemeir.

Frå 2006 var han ein markant profil i NRK-programmet Puls, der han gav treningsråd til tv-sjåarane.

I 2008 fekk han målprisen til Luster Mållag fordi han brukar nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for bruken av dialekt i media. I 2011 fekk han målprisen til Sogn og Fjordane Mållag og same året målprisen til Noregs Mållag.

I dag er han trenar og gründer i Naardic saman med  kjendisprofilane Annema Refsnes, Ole Petter Hjelle og Arnulf Refsnes om å drifta eit online interaktivt treningstilbod.[1]

Bibliografi

Bøker

  • 2011 – Kom i form med Yngvar : treningsprogram, smarte tips, sunn fastfood, treningsdagbok : supersprek 7 veker (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-23939-7  [Av Yngvar Andersen og Liv Loftesnes]
  • 2017 – Kom i form 60 + (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-29662-8  [Av Yngvar Andersen, Thor-Øistein Endsjø, Liv Loftesnes]
  • 2018 – De beste tingene i livet er ikke ting  : fra rotete til ryddig med færre ting (Oslo: Aschehoug) . ISBN 9788203297045  [Medansvarleg: Liv Loftesnes]
  • 2018 – Kom i form med minst mulig innsats! : boka for deg som ikke har lyst, men innser at du burde (Oslo: Egmont) . ISBN 978-82-4296-197-6  [Medansvarleg: Liv Loftesnes]

Kjelder

  1. Lucas Weldeghebriel (18. august 2020), ««Brødboksen-Arnulfs» nye gründerprosjekt: Satser på kjendistrenere i kampen om treningsmilliardene», shifter.no (på norsk), henta 22. oktober 2020 


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord