Thore Eithun Helland
Fødd: 12. mars 1965
Yrke: jurist, skribent
Thore Eithun Helland (fødd 12. mars 1965) er ein norsk forfattar og jurist. Helland vart fødd i Sogndal, men voks opp mellom anna i Leikanger og Norheimsund.
Han tok juristutdanning ved Universitetet i Bergen (1985–1992), og har arbeidd som resepsjonist i Norheimsund, vore dommarfullmektig i Stjør- og Verdal herredsrett (1993–94), Sunnfjord heradsrett (1994–96) og Oslo tingrett (2005–07). Helland har òg vore rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet (1996–2005) og frå 2007 har han arbeidd som advokat i Huseiernes Landsforbund i Oslo.
Han debuterte som forfattar i 2003 med romanen Bitterhonning blues.
Bibliografi
Bøker
- 2003 – Bitterhonning blues : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6200-2
- 2008 – Natta blir til regn : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7363-5
- 2013 – Farleg kreditt : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8331-3
I bøker – eit utval
- 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9 [Prosjektleiar: Grethe Eithun. Av innhaldet: Stormjul / Alf og Thore Helland]
Kjelder
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)