Sveinung Rotevatn
Fødd: 15. mai 1987 (37 år) Bergen
Statsborgar av: Noreg
Parti: Venstre
Yrke: politikar, jurist
Utdanna ved: Universitetet i Bergen
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn (fødd 15. mai 1987) er ein norsk politikar, stortingsrepresentant og statssekretær for Venstre. Han er frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.
Han var frå januar 2018 statssekretær for justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug og frå april 2018 for Tor Mikkel Wara. Frå 24. januar 2020 er han klima- og miljøminister for regjeringa Solberg.
Rotevatn starta si Unge Venstre-karriere som økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007. Han vart medlem av sentralstyret i 2008 og deretter 1. nestleiar i 2009. Rotevatn var også aktiv studentpolitikar for Liberal Liste ved Universitetet i Bergen 2007–2009. I 2009 var han valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre, og han sat som styremedlem i fylkeslaget 2009–2011. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vart Rotevatn vald inn i Eid kommunestyre. Frå 2012 til 2014 var han styremedlem i Noregs Mållag.
Han vart leiar i Unge Venstre i 2010. Under landsmøtet i september 2013 gjekk han av som leiar, og gav jobben vidare til Tord Hustveit.
Rotevatn var innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane 2013-2017.
Han har tidlegare vore i teneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde. Rotevatn har studert rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.
Frå 2012 var han medlem av landsstyret i Noregs Mållag.
I 2012 vart Rotevatn kåra til årets europear av Europeisk Ungdom. I 2016 vart han i boka Makteliten[1] peikt på som ein av Norges 252 mektigaste personer. Rotevatn var yngstemann på lista, og den einaste frå Sogn og Fjordane.
I 2014 ga han ut boka Liberalisme på norsk[2] hos Civita, der han mellom anna skriv om frihandel, miljøpolitikk og velferdsstaten si bærekraft.
Etter at han ikkje fekk attval til Stortinget i 2017 begynte Rotevatn som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange (SANDS)[3]. Han fekk permisjon frå stillinga då han vart utnemnd som statssekretær i Erna Solbergs regjering.
Komitear
- 2013–2017: Medlem i Fullmaktskomiteen
- 2013–2017: Medlem i Arbeids- og sosialkomiteen
Bibliografi
Bøker
- 2014 – Liberalisme på norsk (Oslo: Civita) . ISBN 978-82-92581-63-6
Kjelder
- ↑ Åmås, Knut Olav (2016). Makteliten. 252 kvinner og menn som styrer Norge. Oslo: Kagge. s. 204. ISBN 9788248918516.
- ↑ Rotevatn, Sveinung (2014). Liberalisme på norsk. Oslo: Civita. ISBN 9788292581636.
- ↑ Rett24. «Fra sosialkomiteen til M&A – Sveinung Rotevatn går til SANDS». rett24 (engelsk). Henta 21. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
- «Sveinung Rotevatn». Stortinget.no.
- “Blå hippie” – portrettintervju i Morgenbladet
- Om Sveinung Rotevatn i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Norske miljøvernministrar
|
|
---|---|
Olav Gjærevoll (1972) • Trygve Haugeland (1972–1973) • Helga Gitmark (1973) • Tor Halvorsen (1973–1974) • Gro Harlem Brundtland (1974–79) • Rolf Hansen (1979–1981) • Wenche Frogn Sellæg (1981–1983) • Rakel Surlien (1983–1986) • Sissel Rønbeck (1986–1989) • Kristin Hille Valla (1989–1990) • Thorbjørn Berntsen (1990–1997) • Guro Fjellanger (1997–2000) • Siri Bjerke (2000–2001) • Børge Brende (2001–2004) • Knut Arild Hareide (2004–2005) • Helen Bjørnøy (2005–2007) • Erik Solheim (2007–2012) • Bård Vegar Solhjell (2012–2013) • Tine Sundtoft (2013–2015) • Vidar Helgesen (2015–2018) • Ola Elvestuen (2018–2020) • Sveinung Rotevatn (2020–2021) • Espen Barth Eide (2021–)
|
før ← Stortingsrepresentantar 2013-2017 → etter
|
|
---|---|
Akershus |
|
Aust-Agder |
|
Buskerud |
|
Finnmark |
|
Hedmark |
|
Hordaland |
|
Møre og Romsdal |
|
Nord-Trøndelag |
|
Nordland |
|
Oppland |
|
Oslo |
|
Rogaland |
|
Sogn og Fjordane |
|
Sør-Trøndelag |
|
Telemark |
|
Troms |
|
Vest-Agder |
|
Vestfold |
|
Østfold |
|
før ← Stortingsrepresentantar 2021-2025
|
|
---|---|
Akershus |
|
Aust-Agder |
|
Buskerud |
|
Finnmark |
|
Hedmark |
|
Hordaland |
|
Møre og Romsdal |
|
Nord-Trøndelag |
|
Nordland |
|
Oppland |
|
Oslo |
|
Rogaland |
|
Sogn og Fjordane |
|
Sør-Trøndelag |
|
Telemark |
|
Troms |
|
Vest-Agder |
|
Vestfold |
|
Østfold |
|
Unge Venstre-leiarar
|
|
---|---|
Anders Kirkhusmo (1909–12) · Hans Hope (1912–14) · Toralv Øksnevad (1914–16) · Torkell Løvland (1916–20) · Olav Gullvåg (1920–26) · Anton Laurin (1926–30) · Johannes Teigland (1930–34) · Aasmund Næs (1934–46) · Helge Rognlien (1946–48) · Olaf Kortner (1948–50) · Helge Røed (1950) · Jon Norbom (1950–52) · Simen Skjønsberg (1952–56) · Ragnar Sem (1955–56) · Odd Grande (1956–60) · Magne Lerheim (1960–62) · Olav Myklebust (1962–64) · Halle Jørn Hanssen (1964–66) · Ola Metliaas (1966–68) · Kjell G. Rosland (1968–70) · Odd Einar Dørum (1970–72) · Carl Johan Sverdrup (1972–74) · Jørn Rattsø (1974–75) · Ottar Grepstad (1975–76) · Olav Ljøsne (1976–79) · Torgeir Anda (1979–80) · Øystein Heggen (1980–81) · Jesper W. Simonsen (1981–83) · Erling Moe (1983–85) · Hege Berg-Nielsen (1985–86) · Guro Fjellanger (1986–88) · Atle Hamar (1988–90) · Gunn-Vivian Eide (1990–92) · Per Tore Woie (1992–94) · Helge Solum Larsen (1994–97) · Sverre Molandsveen (1997–98) · Jennie Johnsen (1998–2001) · Monica Tjelmeland (2001–03) · Lars-Henrik Paarup Michelsen (2003–07) · Anne Solsvik (2007–10) · Sveinung Rotevatn (2010–13) · Tord Hustveit (2013–17) · Sondre Hansmark (2017–21) · Ane Breivik (2021–)
|
Autoritetsdata |
---|