Rolf Orheim
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 19. mai 1929 Eid
Død: 15. januar 2005 (75 år)
Yrke: journalist, politikar
Politisk parti: Arbeidarpartiet
Rolf Orheim
Rolf Orheim (19. mai 1929–15. januar 2005) var ein norsk journalist. Han var frå Stårheim i Eid kommune og busett i Flora kommune. Frå 1953-1997 arbeidde Orheim som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten, i periodar var han også konstituert redaktør.
Frå 1970-1980 var han leiar av Flora Arbeidarparti og i fire periodar var han medlem av bystyret.
Orheim var m.a. styreleiar i Kystmuseet i Sogn og Fjordane og han var æresmedlem av Sogn og Fjordane Journalistlag.
Orheim vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.
Bibliografi
Bøker
- 1972 – Solbakken : arbeids- og sjukeheim, Florø : opna 3. september 1961 (Sandane: Solglimt trykkeri) [Redigert av Rolf Orheim]
- 2003 – Fjordane Politimeisterembete 100 år : 1898-1998 (Florø: Sogn og Fjordane Politidistrikt)
I bøker – eit utval
- 1998 – Nordal kyrkje 100 år : glimt frå kvardag og helg (Florø: Nordal sokneråd). ISBN 82-994786-1-8 [Av Jostein Midtbø. Odd Stubhaug har skrive kapitla om orgel og oppussing. Rolf Orheim har laga portrettet av Hjalmar Tjelta]
- 2017 – Havet tok : 113 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag). ISBN 978-82-8240-125-8 [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane[daud lenkje]
- Gravminner i Norge