Rolf Myklebust

Fødd: 27. november 1908 Stryn

Død: 19. juni 1990 (81 år) Oslo

Yrke: musikar, dirigent

Rolf Myklebust

Rolf Myklebust. (27. november 1908–19. juni 1990)[1] var ein norsk fiolinist, kapellmeister og programskapar.

Liv og gjerning

Myklebust var frå Stryn, der faren var skreddar og felespelar.
Rolf tok utdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo, og hos konsertmester Gustav Fredrik Lange. Han debuterte i 1931 og gav i åra etter konsertar kring om i landet. Myklebust var lærar i felespel på Musikkonservatoriet frå 1935 til 1952. Han var 1. fiolinist i Oslo-Filharmonien frå 1940 til 1952 da han måtte gje opp musikarkarrièren grunna ein skade i venstrehanda. Myklebust leia sitt eige orkester frå 1945 til langt ut på femtitalet. Rolf Myklebusts ensemble og Turdansensemblet spela òg inn grammofonplater med turdansar. Verksemda vart ført vidare i mellom anna Kai Angel Næsteby s ensemble.

Myklebust vart i 1952 tilsett som programsekretær i Norsk Rikskringkasting NRK, med ansvar for folkemusikken. Denne avdelinga leia han fram til 1978, og samla i desse år inn over tretti tusen lydopptak. Alle åra leia han programposten Folkemusikkhalvtimen.

Myklebust budde og døydde i Oslo.

Prisar

  • Kongens fortenestmedalje i gull, 1978
  • Kringkastingsprisen, 1978
  • Sogn og Fjordane fylkeskulturpris
  • Æresmedlem i Norsk Musikerforbund og Landslaget for spelemenn[2]

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Bokmålswikipedia
  • Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58

Referansar

  1. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  2. artikkel[daud lenkje] fra Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord