Rolf Losnegård

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 28. januar 1946 (78 år) Hyllestad kommune

Yrke: Dramatikar, forfattar, dramaturg

Sjanger: Skodespel, drama, noveller

Born: Gaute Losnegård

Debut: Farskap og andre forteljingnar om fedrar

Rolf Losnegård

.mw-parser-output .thumbcaption{text-align:center}

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård.

Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring.
Han arbeider ved Aldateatret.

Rolf Losnegård har skrive over 20 skodespel for teater omkring i Noreg, arbeidd med drama i NRK og som dramaturg ved fleire teater, og vore leiar i Dramatikerforbundet.[1] Han har også sett om drama og forteljingar til norsk, og gitt ut romanar og noveller. Gaularspelet og Dragseidspelet er to historiske drama frå handa til Losnegård.

I 1987 vart han tildelt Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Bibliografi

Bøker

  • 1981 – Farskap og andre forteljingnar om fedrar (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1983 – Maksveringar : verdens beste fiendar (Ålesund: Nordvest forlag) I fulltekst ved nb.no  [Illustratør: Arne Eirik Gandrud]
  • 1985 – Risens hjarte (Ålesund: Nordvest) I fulltekst ved nb.no  [Skodespel]
  • 1986 – Kinnaspelet : “songen ved det store djup” (Naustdal: Sogn og Fjordane magasin) I fulltekst ved nb.no
  • 1989 – No lettar vi! (Oslo: Solum forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1992 – Gjest Baardsens siste flukt (Oslo: Solum forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – I ramnens skugge (Florø: Kinn forlag) I fulltekst ved nb.no  [Tekst faktadel: Bjarte Sindre]
  • 1995 – Femti devla i sekken : segner, legender, eventyr, viser, historier frå Sogn og Fjordane : trollskap og møye, viltert og løye, for gamal og ung (Førde: Sogn og Fjordane teater) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 – Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Leikanger: Skald forlag) I fulltekst ved nb.no  [Medforfattarar: Gaute Losnegård og Henning Rivedal]
  • 2000 – Barnet utan alder (Fana: Hordaland teater) I fulltekst ved nb.no
  • 2000 – Kjærleikssaum (Gaular) I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst (Førde: Selja forlag). ISBN 978891722160  [Medforfattar: Gaute Losnegård]
  • 2002 – Riddarane av Losna (Førde: Selja forlag). ISBN 978891722320  [Medforfattarar: Berit Gjerland og Gaute Losnegård]
  • 2005 – Hemnaren (Førde: Selja forlag). ISBN 978891722528
  • 2010 – Ole Bull : fossegrimen på Vossastrand (Førde: Selja forlag). ISBN 978882400220
  • 2012 – Sunnfjord (Leikanger: Skald forlag)  [Fotograf: Oskar Andersen]
  • 2015 – Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet (Leikanger: Skald forlag). ISBN 978-82-7959-222-8  [Illustratør: Fredrik Rysjedal]
  • 2020 – Kjære Sogn og Fjordane (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-163-0  [Illustratør: Arnstein Mygland]
  • 2023 – Prinsen av Håla (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401944

I bøker – eit utval

  • 1984 – Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane (Førde: Sogn og Fjordane magasin) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Han som kjem inn frå havet / Rolf Losnegård, s. 8-13]
  • 1987 – Landet på den andre sida (Larvik: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Eventyret om den forferdelege BokOrmen / Rolf Losnegård, s. 31-37]
  • 1998 – Sceneskift : 33 scener fra ny norsk dramatikk : en antologi til Dramatikerforbundets 60-års jubileum (Oslo: Solum forlag) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Femti devla i sekken / Rolf Losnegård, s. 167-174]

Omsetjingar i utval

  • 2002 – Herskap ved fjorden (Leikanger: Skald forlag)  [Forfattar: Karl Friedrich Kurz (1878-1962)]
  • 2017 – Gilgamesh : kongen som nekta å døy (Førde: Selja forlag)  [Gjendikta av: Rolf Losnegård, omsett til engelsk av Jeff Pedersen og til arabisk av Moayad Khalil. Illustrert av Fredrik Rysjedal]

Kjelder

  1. Aldateatret.no

Bakgrunnsstoff

I tidsskrift – eit utval


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord