Rasmus Sunde

Rasmus Sunde

Fødenamn: Rasmus Sunde

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 19.01.1944 (79 år)

Yrke: Fotefar temareiser

Høgd: 176

Styremedlem av: Fotefar temareiser

Ektefelle: Ingrid Slinde Sunde

Born: Yngve SundeEli Sunde Hønsi

Kallesignal: Raspekaka

Rasmus Sunde

Rasmus Sunde (fødd 1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand.

Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011.[1] Deretter arbeidde han i reiseselskapet Fotefar Temareiser leia av sonen i ei årrekkje.[1]

Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistorie knytt til norsk utvandring til Amerika.

Sidan 2020 har han også vore aktiv på sosiale medium, særleg TikTok, der han nyttar barndomskallenamnet «raspekaka» som brukarnamn. Saman med barnebarn har han laga videoar med over 1,4 millionar visingar.[1][2]

Bibliografi

Bøker

  • 1989 – Ein stad skal ein vera : utvandringa frå Vik i Sogn (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag) . ISBN 82-90576-11-0 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Long prairie : ei sognebygd i Amerika (Vik: Vik lokalhistorisk arkiv) . ISBN 82-993204-0-2 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Ei utvandrarsoge frå Sogndal (Sogndal: Sogndal kulturkontor) . ISBN 82-7560-000-6 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Vikjer ved fjorden, vikjer på prærien : ein demografisk-komparativ studie med utgangspunkt i Vik i Sogn (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane) . ISBN 82-466-0054-0  [Doktoravhandling]
  • 2004 – Langt borte – men likevel nær : utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962 (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-43-9
  • 2009 – Amerikabrev 1880-1950 : livssoga til to brør frå Romsdal (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-008-4

I bøker – eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 år (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-140-5  [Red.: Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Nes. Av innhaldet: Johs. B. som fagkollega, idrettskamerat og ven / Rasmus Sunde]
  • 2016 – Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja forlag : Nordfjord sogelag) . ISBN 978-82-824-0105-0  [Forfattar: Jon Tvinnereim mfl., redaksjon: Torkjell Djupedal, Sverre Folkestad og Jon Tvinnereim. Av innhaldet: Utvandring / Rasmus Sunde]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «Sprek bestefar på TikTok», VI OVER 60 (på norsk bokmål), 14. mars 2022, henta 1. mars 2023 
  2. Larsen, Seline (4. oktober 2020), «Rasmus (75) har 700.000 visningar på TikTok», NRK, henta 1. mars 2023 
  • Fylkesleksikon Sogn og Fjordane[daud lenkje]
  • 2016 – Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja forlag : Nordfjord sogelag)  [Om Rasmus Sunde s. 504]

Bakgrunnsstoff

Sosiale medium

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord