Per Tylden

Per Tylden

Fødd: 18. november 1904 Sogndal

Død: 3. september 1967

Nasjonalitet: Noreg

Yrke: professor

Institusjonar: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Barn: Audun Tylden

Per Tylden

Per Tylden (18. november 1904–1967) var ein norsk språkforskar. Han var professor i nordisk språk ved Universitetet i Trondheim fra 1961 til han døydde.

Tylden var frå Sogndal. Han vart cand. philol. 1932 og tok doktorgraden i 1945. Han var lektor ved Voss landsgymnas 1933-1954, amanuensis ved Universitetet i Bergen 1955-1960, dosent i Bergen 1960-1961 og professor i Trondheim frå 1961. Han skreiv fleire bøker om namnegransking.

Per Tylden var far til platedirektør og plateprodusent Audun Tylden.

Bibliografi

Bøker

  • 1944 – Me – vi : ein studie frå det gamalnorske og mellomnorske brevriket (Oslo: Dybwad) I fulltekst ved nb.no
  • 1946 – Voss offentlege landsgymnas : ei tretti-årsskrift : 1916-1946 (Voss: Voss offentlege landsgymnas) I fulltekst ved nb.no
  • 1958 – 2. persons personlege pronomen dualis og pluralis i gamalnorsk og mellomnorsk diplommål (Bergen: Johan Grieg) I fulltekst ved nb.no
  • 1964 – Fleirtalsform i høfleg tiltale (pluralis reverentiæ) (Trondheim)

I bøker – eit utval

  • 1969 – Ordet går videre : nye kåserier om ordenes liv (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Per Tylden s. 112-142]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord