Olav Stedje
Fødd: 8. juni 1953 (71 år)
Opphav: Noreg
Instrument: vokal
Verka som: songar, plateartist
Prisar: Fylkeskulturprisen, Spellemannprisen i pop
Olav Stedje
Olav Stedje (fødd 8. juni 1953) er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Sogndal. Stedje er kjend frå ei rekke mjukrock-innspelingar, seks sølvplater og fire forsøk i Melodi Grand Prix. Han fekk sitt verkelege gjennombrot med songen «Vi vandrar saman».
Biografi
Stedje debuterte med plata Ta meg med (1981) som gav han fleire plasseringar på Norsktoppen med songar som «Vi vandrar saman» og «Når ho er hjå meg». Stedje var også vokalist for musikkgruppa Lava. Derett kom platene Stedje (1982) og Tredje stedje (1983), som med Randi Hansen gav Spellemannsprisen.
Stedje har turnert med Radio Røynda, altså Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Han har hatt Svein Dag Hauge og Jonas Fjeld som produsentar.
I februar 2006 sleppte han ei nyinnspeling av «Vi vandrar saman» som først var med på debutplata frå 1981. Dette var eit samarbeidsprosjekt med produsentduoen Agen’da. Tittelen på denne songen var «Venner (vi vandrar saman)».
Hausten 2007 opptredde han på revyscenen i Bergen i «Vestlandsrevyen» saman med Halvor Folgerø, Finn Tokvam, Ragnar Hovland og Claus Sellevoll
Heider
- Spellemannprisen 1982 i klassen Pop for plata Tredje Stedje.
- I november 2008 fekk han tildelt Medaas-prisen. Statuttane for denne prisen seier mellom anna at: — prisvinnaren skal målbera dialekten og fremja sin lokale kultur og løfta den til eit nasjonalt nivå.
- I september 2011 vart Olav Stedje den fyrste til å motta Lutt sin heiderspris. Prisen går til musikarar frå Sogn og Fjordane som over tid har vist kvalitet, nyskaping, speleglede og som har fått merksemd både lokalt og nasjonalt. Juryen skreiv vidare: «Men Olav Stedje er meir enn det – han er rett og slett ein heidersmann. Han er – på alle tenkjelege måtar – både som artist og menneske – eit stort førebilete, og heldigvis har han tenkt å drive på lenge enno.»[1]
Utgjevingar
- Ta meg med (1981)
- Stedje (1982)
- Tredje stedje (1983)
- Rocken Bom (barneplate, 1984)
- Silje (1984)
- Når sola renn (1986)
- Eg kjem likevel (1987)
- Ei gåve til deg (1990)
- Bot og bedring (Tylden & Co AS, 1995)
- 21 beste (Tylden & Co AS, 1998)
- Livstegn (Tylden & Co AS, 2006)
- I levande live (Tylden & Co AS, 2009)
- Ikkje utan deg (Tylden & Co AS, 2010)
Bøker
- 2009 – Syng meg heim (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-121-4 [Illustrert av Janne Nes]
Referansar
- ↑ Norsk Tidend, utgåve nr. 5, 2011: Stedje fekk den første Lutt-heidersprisen
Bakgrunnsstoff
Vinnarar av Fylkeskulturprisen
|
||
---|---|---|
1980 Ragnar Vigdal · 1981 Per Knut Aaland/Sogndal IL · 1982 Siv Jørstad/Inge Rotevatn · 1983 Rolf Myklebust · 1984 Søndagsskolearbeidet · 1985 Olav J. Befring/Svein Brandsøy · 1986 Olav Stedje · 1987 Rolf Losnegård/Jon Tolaas · 1988 Audhild Viken · 1989 Honndalstausene · 1990 Gloppen Jentekor · 1991 Oddleif Fagerheim · 1992 Helge Bydal/Martinus Grov · 1993 Kinnaspelet · 1994 Ludvig Eikaas · 1995 Dale Ungdomslag · 1996 Leikanger Mannskor · 1997 Vevringutstillinga · 1998 Knut Rumohr · 1999 Musikkprosjekta i Årdal · 2000 Terje Ness · 2001 Sigmund Eikås · 2002 Fabel · 2003 Norvald Tveit · 2004 Jorunn Reina/Signe Lise Bergheim/Leyeune Avdal · 2005 Kari Standal Pavelich/Michael Pavelich · 2006 Norsk Forbund for Utviklingshemmede · 2007 Oddvar Torsheim · 2008 Odd-Bjørn Hjelmeset · 2009 Nedre Jølster Bilelag · 2010 Sigrid Moldestad · 2011 Kari Kvamme/Claus Kvamme/Den norske bokbyen · 2012 Bremanger Musikklag · 2013 Malakoff Rockfestival · 2014 Kari Støfringsdal · 2015 Hilde Bjørkum · 2016 Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser
|
EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1985
|
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Finale |
|
Autoritetsdata |
---|