Olaf Hjelmeland
Fødd: 29. oktober 1872
Død: 9. januar 1964 (91 år)
Yrke: skribent
Sjanger: Bygdebøker, dikt
Debut: Songar – kvad og trompetar, 1944
Olaf Hjelmeland
Olaf Hjelmeland (29. oktober 1872–9. januar 1964) var ein norsk likningssekretær, gardbrukar, lokalpolitikar og lokalhistorikar. Han budde mesteparten av sitt vaksne liv på Hjelmeland i Gaular kommune. I perioden 1920-1924 var han formann både ved Sunnfjord Museum og i Sunnfjord Sogelag.
I 1944 gav Olaf Hjelmeland ut ei samling av dikt og songar som han kalla Songar – kvad og trompetar. Elles er Hjelmeland kjend for arbeidet sitt gjennom mange år med Gaularsoga.
Bibliografi
Bøker
- 1944 – Songar – kvad og trompetar (Førde: Eige forlag)
- 1955 – Gardssoga for Gaular (Sande: Gaular Sogelag) I fulltekst ved nb.no
- 1955 – Gaular Sparebank : gjennom 60 år : 1894 – 1954 (Gaular)
- 1961 – Gaularsoga. 2 (Sande: Gaular sogelag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Carl Lauritz Lund-Iversen (1990). Ord gjennom år: dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord: 1700-1986: med bibliografi: ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane Forlag.
- Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane Arkivert 2016-05-05 ved Wayback Machine.
- Kristian Ulltang (1962). «Olaf Hjelmeland : Gaular sogeskrivar 90 år». Jul i Sunnfjord: 39.
Bakgrunnsstoff