Oddmund Løkensgard Hoel

Oddmund Løkensgard Hoel

Fødd: 8. november 1968 (55 år)

Statsborgar av: Noreg

Parti: Senterpartiet

Yrke: lingvist, politikar, redaktør

Institusjonar: Høgskulen på Vestlandet

Utdanna ved: Det humanistiske fakultet

Mor: Torlaug Løkensgard Hoel

Alle verv: statssekretær (Kunnskapsdepartementet, 2021 –2024 ) Norges forsknings- og høyere utdanningsminister (2024 –) 

Oddmund Løkensgard Hoel

Oddmund Løkensgard Hoel (fødd 8. november 1968) er ein norsk språkforskar og forfattar, og dessutan politikar for Senterpartiet. Han er forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre frå 23. januar 2024.[1][2]

Hoel var leiar i Noregs Mållag i perioden mellom 1999 og 2002.

Liv og virke

Utdanning

Hoel er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag og skreiv hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996). Hoel har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, og hadde ansvar for lærebøker for høgare utdanning (humaniora), ordbøker og språkteknologi.

Hoel var doktorgradsstipendiat i historie ved Høgskulen i Volda 2003–2007, og tok doktorgraden (ph.d) i historie i 2009, med doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Han har sidan 2007 vore tilsett som høgskulelektor/førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2017 Høgskulen på Vestlandet.

Politisk karriere

Hoel var kommunestyrerepresentant i Luster kommune 2019–2023. I oktober 2021 vart han tilsett i Kunnskapsdepartementet som statssekretær for Ola Borten Moe, og seinare Sandra Borch. Den 23. januar 2024 vart han sjølv utnemnd til forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre, etter at Borch gjekk av som statsråd.[1][3]

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865 (Oslo: Norges forskningsråd). ISBN 8212006956 I fulltekst ved nb.no  [Serie: KULTs skriftserie nr. 51]
  • 2003 – Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000 (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5698-3  [Forfattarar: Olaf Almenningen, Oddmund Løkensgard Hoel, Geir Martin Pilskog, Håvard Tangen]
  • 2006 – Då Noregs mållag vart skipa : referat frå Målmannsstemna 4.-5. februar 1906 (Oslo: Noregs mållag). ISBN 8273390535
  • 2010 – Jostedal kyrkje : fakta, segn og soge gjennom 350 år (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-153-5  [Av: Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg & Oddmund Løkensgard Hoel]
  • 2011 – Norsk målreising. II . Mål og modernisering 1868-1940 (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7446-5  [Bygger på forfattaren si avhandling (ph.d.) – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim, 2009 med tittel: Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940]
  • 2014 – Med påhalden penn? : 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (Oslo: Novus). ISBN 978-82-7099-761-9  [Red.: Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel]

I bøker – eit utval

  • 1998 – Jakten på det norske : perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet (Oslo: Ad notam Gyldendal). ISBN 82-417-0952-8 I fulltekst ved nb.no  [Red.: Øystein Sørensen. Av innhaldet: Ivar Aasen som opposisjonell nasjonalist / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 303-320]
  • 2005 – Lokale røyster i 1905 : unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet (Volda: Høgskulen i Volda). ISBN 82-7661-228-8  [Red.: Kari A. Hasle, Jens Johan Hyvik, Harald E. Tafjord. Av innhaldet: 1905 i Sogn / Oddmund Løkensgard Hoel]
  • 2013 – ‘Der var ruskut å leggja utpå’ : ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur (Oslo: Novus). ISBN 978-82-7099-716-9  [Red.: Jens Johan Hyvik og Stephen Walton. Av innhaldet: Eit maskulint prosjekt? : kjønnsperspektiv på målreisinga 1885-1940 / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 83-100]
  • 2017 – Fjordfylket på nye vegar, 1875-1945 (Bergen: Fagbokforlaget). ISBN 9788245019162  [Soga om Sogn og Fjordane, band tre]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 Espen Alnes; Ola Mjaaland; Kristian Skårdalsmo & Julianne Flølo. «Oddmund Løkensgard Hoel utnemnd til ny statsråd». NRK. Henta 23. januar 2024.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. «Endringar i regjeringa». Regjeringen. Henta 23. januar 2024. 
  3. «Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp)». Kunnskapsdepartementet. Henta 23. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord