Odd Helge Brugrand
Fødd: 29. august 1972 (52 år)
Yrke: journalist, skribent
Odd Helge Brugrand
Odd Helge Brugrand (fødd 29. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder.
Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba i Adresseavisen, VG og Aftenposten. Frå 2004 jobba Brugrand som utanriksreportar i Baltikum med ansvar for store delar av Aust-Europa for norske, svenske og danske media. Han var då busett i Tallinn, Estland. Frå mai 2016 har Odd Helge Brugrand jobba i NRK Sogn og Fjordane.
Sidan 2010 har Brugrand også skrive bøker. Debutboka var «16 år og Hitlers soldat» og i desember 2010 innleia han samarbeid med Lasse Tur og pilot Oddmar Stenhaug om flyfoto-bokserien Sett frå oven. Han har vore skodespelar i russisk TV-film og delteke framfor kamera i fleire norske og internasjonale dokumentarprogram, mellom anna i produksjonar for Discovery Channel og ARTE.
Bibliografi
Bøker
- 2010 – 16 år og Hitlers soldat : historien om Ivar Skarlo, en norsk soldat på Østfronten (Oslo: Kagge forlag) . ISBN 978-82-489-0963-7
- 2010 – Oslo sett fra oven : en luftig ferd over hovedstaden (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-0-5 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Asker og Bærum sett fra oven : en luftig ferd over to naboer (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-1-2 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Bergen sett fra oven : en bildereise over hele byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-5-0 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Drammen sett fra oven : Drammen 200 år (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-3-6 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Lærdal sett ovanfrå : verdas vakraste flyreise (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-2-9 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Nesodden sett fra oven (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-7-4 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2011 – Årdal sett ovanfrå : frå fjord til fjell (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-931880-0-1 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Elverum sett fra oven : en luftig ferd over kommunen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-2-0 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Gjøvik sett fra oven : en luftig ferd fra vann til land (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-3-7 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Hamar sett fra oven : en luftig ferd over byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-5-1 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Lier sett fra oven : en luftig ferd fra fjord til fjord (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-1-3 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Lillehammer sett fra oven : en luftig ferd over byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-4-4 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Lærdal kviss : 501 spørsmål og svar om den grøne kommunen (Lærdal: Baltic-Scandinavian News Agency) . ISBN 978-9949-30-474-5
- 2012 – Nesøya sett fra oven (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-9-8 [Flyfotograf: Lasse Tur]
- 2012 – Voss sett ovanfrå : ei luftig Vossaferd (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-0-6 [Flyfotograf: Lasse Tur]
I bøker – eit utval
- 2017 – Havet tok : 13 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-125-8 [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- settfraoven.com Arkivert 2019-01-24 ved Wayback Machine.
I tidsskrift – eit utval