Martha Tynæs

Martha Tynæs

Fødd: 5.november 1870 Flora kommune

Død: 8. januar 1930 (59 år) Oslo

Parti: Arbeidarpartiet

Yrke: Fullmektig

Verv: Medlem i formannskapet i Kristiania, sentralstyremedlem, agitator, skribent.

Ektefelle: Lars Tynæs

Martha Tynæs

Martha Tynæs i sentralstyret til Arbeiderpartiet 1906 – 1909. Framme frå venstre Magnus Nilssen, Christian Holtermann Knudsen, Oscar Nissen, Carl Jeppesen og Martha Tynæs. Bak frå venstre Arnt Aamodt, Ole O. Lian, Johan Karlgren og Johan Nygaard. Foto: Arbeiderpartiet.

Martha Ottomine Tynæs (fødd 5. november 1870 i Florø, død 8. januar 1930 i Oslo) var ein norsk politikar. Ho var særs aktiv i arbeidarrørsla, og blei spesielt kjend som ein god talar og agitator. Martha Tynæs markerte seg ved samlingar i kampen om full røysterett for kvinner, og på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1899 hadde ho eit sterkt innlegg om kvinner og samfunnsdeltaking: «Hvorfor staar kvinderne saa sløve og likegyldig overfor arbeiderbevægelsen og samfundsspørsmaalene?». Ho engasjerte seg også sterkt når det gjaldt barns rettar.

Bakgrunn

Martha Tynæs var fødd Martha Steen, og var dotter til ein ølbryggar. Ho var gift med målaren Lars Tynæs frå Sykkylven på Sunnmøre. Dei hadde tre born.

Virke

Første kvinne i bystyret

Martha Tynæs leia Arbeiderpartiets Kvindeforbund, som arbeidde i 15 år med politiske saker gjennom opplysing. Ho sat i 17 år som einaste kvinne i sentralstyret i Arbeidarpartiet, og var blant dei første kvinnelege representantane i Kristiania bystyre frå 1901 til 1919. Frå 1908-1919 sat ho i formannskapet i hovudstaden.

Til val for Stortinget

Historisk er kanskje Martha Tynæs mest kjend for at ho var ei av dei aller første kvinnene i landet som stod på val til Stortinget. Det var i 1909 at ho var kandidat for Arbeidarpartiet i Hammersborg krins i Kristiania. Men Tynæs vart ikkje vald inn i nasjonalforsamlinga.

Arbeid for full røysterett

Martha Tynæs vart først formann i Arbeiderparties Kvindeforbund i 1904, og frå 1906 blei ho i vervet dei neste fjorten åra. Av dei viktigaste sakene var arbeidet med å sikre kvinnene full røysterett ved stortingsval. Det lukkast i 1913. I 1921 braut Martha Tynæs med Arbeidarpartiet og gjekk inn i leiinga i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Skriving

Martha Tynæs skreiv fleire artiklar i Kvinden, eit månadstidsskrift Arbeiderpartiets Kvindeforbund starta i 1909. Nye barnelover, foreiningar for kvinner i arbeidarrørsla, rekrutteringsarbeid og kommunal stønad til trengande var tema Tynæs skreiv om i artiklar i dette tidsskriftet.

Arbeid for barnerettar

Martha Tynæs arbeidde ved byfutkontoret i Kristiania der ho etter kvart fekk stilling som fullmektig. Ho var svært oppteken av sosiale spørsmål, og var sakkunnig for Sosialdepartementet under arbeidet med lover og rettar for barn fødde utanfor ekteskap («Dei Castbergske barnelovene»).

Bibliografi

I tidsskrift – eit utval

Utval artiklar i tidsskriftet Kvinden (utgitt av Arbeiderpartiets Kvindeforbund):

  • «Bør kvinderne ha eget kvindeforbund». Kvinden. 1910. 
  • «Kvindeorganisationer». Kvinden. 1911. 
  • «Nye forslag til barnelove». Kvinden. 1914. 
  • «Kvindeklinikken og ansættelsen der». Kvinden. 1914. 
  • «De nye barnelove». Kvinden. 1915. 
  • «Kommunale hjelpekasser». Kvinden. 1915. 
  • «Valgbetragtninger». Kvinden. 1917. 
  • «Kvindernes Vælgerforening». Kvinden. 1918. 
  • «Kvinderne og valget». Kvinden. 1918. 
  • «Min agitationsturne». Kvinden. 1918. 

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord