Marie Amalie Landmark

Marie Amalie Landmark

Fødd: 5. august 1845 Fjaler

Død: 25. april 1935 (89 år) Fjaler

Yrke: skribent

Tema: Matstell

Debut: Husholdningsbog, 1892

Marie Amalie Landmark

Marie Amalie Landmark (5. august 1845–25. april 1935) var ein norsk husstellærar og kokebokforfattar.

Landmark er mest kjend for utgjevinga Kokebok for land og by som kom ut i mange opplag fram til 1932 og selte i over 100 000 eksemplar.[1][2][3]
Denne boka innheld ikkje berre oppskrifter på mat og råd om kosthald, men er av stor verdi kulturhistorisk av di ho gir eit godt bilete av skikkar og levemåtar i ei bygd på Vestlandet rundt førre hundreårsskiftet.[1]

Landmark skipa og drifta ein husstellsskule i Fjaler i 1883-1893, var omreisande lærar i husstell i regi av Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab i perioden 1893-1897, og var mellom anna medarbeidar i bondekvinnebladet Husmoderen : Tidsskrift for Hus og Hjem.[3]

Marie Amalie Landmark vaks opp på Tysse i Fjaler kommune i Sunnfjord og vart buande der heile livet.

Bibliografi

Bøker

  • 1892 – Husholdningsbog (Kristiania: Marius Lunds Forlag)
  • 1900 – For landsbygden : raad og veiledning for hus og hjem (Bergen: N. Nilsens bogtrykkeri) I fulltekst ved nb.no
  • 1910 – Fortællinger (Bergen: Lunde forlag)
  • 1911 – Bagning og brygning i det smaa (Bergen: N. Nilssen & Søns Bogtrykkeri)
  • 1984 – Kokebok for land og by (Førde: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Utgitt på ny ved Øens prent. Første gong trykt i 1890-åra.]

Kjelder

  • Eli E. Vengen (15. august 2006). «Har Fjaler norsk rekord i forfattarskap?». Firda: 8-9. 

Referansar

  1. 1,01,1 Landmark 1984, side [1]
  2. Vengen 2006, side 8
  3. 3,03,1 Notaker, 2009

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord