Marie A. Ryssdal

Fødd: 5. januar 1913 Bremanger

Død: 28. august 2009 (96 år)

Yrke: skribent, lærar

Marie A. Ryssdal

Marie A. Ryssdal (5. januar 1913–28. august 2009) var ein norsk husstellærar, bondekone og forfattar. Ho var fødd i Davik i Bremanger kommune, og busett i Ryssdal i Gloppen kommune.

Saman med mannen, Lars Ryssdal la Marie ned eit stort arbeid i kulturvern. Ho var mellom dei fremste i Sogn og Fjordane i arbeidet med å ta vare på gamle vevtradisjonar og kvinnehusflid, og Lars har samla eit stort tilfang av gamle folketonar.

Ekteparet har fått Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 1996.

Bibliografi

Bøker

  • 1979 – Husflid og handarbeid i tida ca. 1850-1940 (Sandane)  [Særtrykk av Soga om Gloppen og Breim]
  • 199? – Bregding/sprang (Sandane)  [Tekst Marie Ryssdal ; foto Ragnar H. Albertsen]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord