Mads Flokenes
Fødd: 7. februar 1895 Vevring
Død: 20. mars 1981 (86 år)
Yrke: lærar, skribent, politikar
Mads Flokenes
Mads Flokenes (7. februar 1895–20. mars 1981) var ein norsk lærar og ordførar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Då faren døydde, flytta mora og borna til Askvoll kommune. Flokenes gjekk på folkehøgskule og lærarskule, og han var lærar fleire stader, m.a. i Vevring. Han var mykje med i kommunale styre og var ordførar i Askvoll 1956-1963.
Flokenes var venstremann, fråhaldsmann og målmann. Han skreiv mykje i blad og aviser.
Bibliografi
Bøker
- 1965 – Kulturkamp i Sunnfjord : soga om måtehaldsrørsla og Sunnfjord D.N.T. i hundre år (Førde: Sunnfjord fylke av D.N.T.) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring. Naustdal: Naustdal sogelag. 2010. s. 124. ISBN 978-82-91462-06-6. [Redaktørar: Harald Jarl Runde, Arthur Søgnen, Hallstein Erdal]
- Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff