

Leif Arnold Loen
Fødd: 22. april 1900 Stryn
Død: 30. september 1980 (80 år)
Yrke: skribent
Born: Rolf Arne Loen, Håkon Loen
Leif Arnold Loen (22. april 1900–30. september 1980) var ein norsk lyrikar frå Stryn i Sogn og Fjordane. Han begynte å skrive i ung alder, og i sine produktive år vart dikta hans jamleg publisert i lokalaviser, blad, julehefter og årbøker. Leif Arnold Loen tok også aktivt del i lokalsamfunnet, m.a. ved å ta på seg verv i nemnder og utval i Stryn kommune.
For sitt verdfulle og kulturskapande arbeid fekk han i 1970 Kongens fortenestemedalje i sølv.
Bibliografi
Bøker
- 1947 – Firda ungdomslag gjennom 50 år : festskrift 1896-1946 (Sandane: Laget) I fulltekst ved nb.no [Skriftnemd: Leif Arnold Loen og Olav A. Loen]
- 1987 – Eg gav mine evner : dikt i utval (Stryn: Stryn kultur og fritidsnemd) I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
- 1978 – Såg du mi bygd – : dikt frå fjell, bre og indre Nordfjord (Stryn: Fjordingen) [Inneheld dikt av Leif Arnold Loen m.fl.]
Kjelder
- Det norske Kongehus
- Gravminner i Norge
- Jul i Nordfjord, 1970 s. 11
- Leif Arnold Loen: Eg gav mine evner – : dikt i utval. I føreordet, s. 6-7
Bakgrunnsstoff
- Om Leif Arnold Loen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Verk i tidsskrift – eit utval i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)