Lars Myrold

Fødd: 13. mars 1915 Eid

Død: 26. mai 2002 (87 år)

Statsborgar av: Noreg

Parti: Senterpartiet

Yrke: politikar, bonde

Verv: Ordførar i Eid 1972 –1983

Føregangar: Per Roti

Etterfylgjar: Knut Hildenes

Lars Myrold

Lars Myrold (13. mars 1915–26. mai 2002) var ein norsk bonde, Senterparti-politikar, ordførar og lokalhistorikar frå Stårheim i Eid kommune.

Han var medlem av Eid kommunestyre frå 1952-1983, varaordførar i Eid 1963–1972, ordførar i Eid 1972-1983,[1] medlem av Sogn og Fjordane fylkesting 1972–1975 og i fleire år var han formann i KS Sogn og Fjordane. Han gjorde opptak til skiping av Hærmuséet på Nordfjordeid i 1981.

Myrold har gjeve ut fleire bøker med lokal humor og lokalhistorie.

Lars Myrold vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull.

Bibliografi

Bøker

  • 1987 – Syn for gudar – : og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane (Oslo: Kommunalforlaget) . ISBN 82-7242-452-5 I fulltekst ved nb.no  [Samla av Lars Myrold ; illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1987 – To ord herr ordførar : og andre historier frå kommunalt liv og virke i Møre og Romsdal (Oslo: Kommunalforlaget) . ISBN 82-7242-646-3 I fulltekst ved nb.no  [Samla av Lars Myrold ; illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1988 – Sett frå kjøkenglaset : humørfylte forteljingar som avspeglar kultur frå ei tid som var : kanskje ser du deg sjølv i spegelen? (Stårheim: Lars Myrold) . ISBN 82-991824-0-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1990 – Sylar i hatten : artiklar og kåseri : frå samfund og samtid (Nordfjordeid: Fjordabladet) . ISBN 8299182417 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1991 – Inn i djupare skogar : jakthistorier frå Vågå og Canada (Nordfjordeid: Fjordabladet) . ISBN 82-992541-0-8 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1993 – Liten kuling : artiklar og kåseri (Nordfjordeid: Fjordabladet) . ISBN 82-9925411-6 I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – I manns minne : lokalhistorie frå Stårheim 1915 – 1995 : ei bygd i utvikling (Stårheim: Eige forl.) . ISBN 82-991824-2-5
  • 1998 – Stårheimsdronninga : dronning Ingrid av Noreg (Stårheim: Eige forl.) I fulltekst ved nb.no  [Utdrag av soga v/Lars Myrold ; illustrasjonar Inge Rotevatn]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord