Kristian Ulltang

Kristian Ulltang

Fødd: 6. januar 1891 Førde

Død: 18. november 1979 (88 år)

Yrke: journalist

Kristian Ulltang

Kristian Andreas Johanson Ulltang (6. januar 1891–18. november 1979) var ein norsk journalist frå Førde i Sogn og Fjordane. Det var han som tufta Firda i 1917 som bygdeblad for Indre Sunnfjord, og han var redaktør for Firda i åra 1918-20 og 1922-24. I tillegg dreiv han eige trykkeri i Førde 1914-1947. Ulltang var redaktør for Ungdomsvennen frå 1917 og Jul i Sunnfjord 1946-1951.

Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1968.

Bibliografi

Bøker

  • 1911 – Bondeliv og bondekunst (Ålesund)
  • 1952 – Førde : ei kort utgreiing (Førde: Olav Bangen)
  • 1952 – Solvang : Sunnfjord ungdomsskule 1902-1952 (Førde: Solvang) I fulltekst ved nb.no  [Skriftstyre: Otto Huseklepp, Kristian Ulltang]

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord