Kristian Solvang (fødd i 1943 på Blaksæter i Stryn kommune) er ein norsk filolog, pedagog og sakprosaforfattar.

Utdanning

Han gjekk på fireårig allmenn- lærarutdanning i Volda frå 1961 til 1965. I 1969 avslutta han Cand.mag.-graden med faga tysk og nordisk ved NTNU i Trondheim og tok mastergrad i nordisk i 1986 ved det same universitetet. Mastergradsoppgåva var i stadnamnvitskap og heiter «Stadnamn på Blakset og Fjella».

Arbeid

Solvang var lektor ved Sunnfjord folkehøgskule i Førde i 19 år, frå 1972 til 1991. Seinare arbeidde han i 10 år ved dei vidaregåande skulane i Førde, Dale i Sunnfjord og Stryn.

Frå 1997 til 2009 var han utanlandslektor ved nordisk institutt ved Universität Wien og Vilnius Universitet.

I 1990-åra arbeidde han på deltid med vitskapleg handsaming av stadnamn for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Då handsama han stadnamn for Vågsøy, Selje og Hornindal. Frå 2010 var han igjen engasjert på deltid med vitskapleg handsaming av stadnamn frå kommunane Stryn og Luster. Til saman har Kristian Solvang handsama ca. 51 000 stadnamn vitskapleg for Fylkesarkivet.

I tidsrommet 2014-2018 skreiv han 120 korte artiklar om lokale stadnamn i lokalavisa «Fjordingen» i Stryn.

Frå 2015 til 2017 hadde han korte stadnamninnslag i lokalradioen NRK Sogn og Fjordane[1]. I 2018 gav han ut boka «Frå Sumobrytaren til Bokkjesteinen, stadnamn frå Stryn og heile fylket» på eige forlag.

I 2019 skreiv han 50 illustrerte nettartiklar om opphavet til stadnamn til Kulturhistorisk leksikon hjå fylkesarkivet[2]. Dette var eit prosjekt som blei støtta av Kulturrådet.

I dag skriv han fortsatt for Fjordingen og deltek i vegnamn-arbeidet i regi av Stryn kommune.

Bibliografi

  • 2019: femti illustrerte nettartiklar om opphavet til stadnamn i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt leksikon Kulturhistorisk leksikon på www.fylkesarkivet.no
  • 2018: Frå Sumobrytaren til Bokkjesteinen: stadnamn frå Stryn og heile fylket. Eige forlag.
  • 2014-2018: 120 korte artiklar om lokale stadnamn i avisa Fjordingen.
  • 1986: Stadnamn på Blakset og Fjella. Eige forlag, mastergradsoppgåve.

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Stølen, Kjell Arvid (14. september 2016). «Kusmehjellskleiva sette han fast». NRK. Henta 27. februar 2020. 
  2. R, Postet av; september 2019, i Melvær Publisert 08 april 2019 | Oppdatert 16. «Prosjektet «Nettartiklar om opphavet til stadnamn» – Fylkesarkivet i Vestland». www.fylkesarkivet.no (norsk). Henta 27. februar 2020. 

Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA