Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 13. november 1988 (37 år)

Yrke: skribent

Sjanger: Lyrikk, prosa

Debut: Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013 )

Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) er ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn og Fjordane.[1][2]

Håland er utdanna manusforfattar ved Den norske filmskulen.[3] Ho har også studert ved Westerdals Høyskole i Oslo[2], og vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti på Flamme Forlag i 2013.[1]

Kjersti Wøien Håland vart nominert til Ungdommens Kritikerpris 2014-2015 for romanen Dommedøgn.[4]

Håland har skrive manus til NRK sin ungdomsserie «Lovleg».

Bibliografi

Bøker

  • 2013 – Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-013-8
  • 2014 – Dommedøgn (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-042-8
  • 2015 – Panikk! (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-114-2
  • 2017 – Kom og hent meg (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-243-9
  • 2018 – Rasfare (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-283-5
  • 2019 – Ikkje vekk dei vaksne (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-383-2
  • 2019 – Vi må spele meir saman (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-378-8
  • 2021 – Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast (Oslo: Flamme forlag) . ISBN 978-82-8288-466-2

I bøker – eit utval

  • 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen) . ISBN 978-82-02-48625-9  [Av innhaldet: Fortel meg / Kjersti Wøien Håland. Redaktør: Ellen Wisløff]
  • 2016 – Ren poesi del 2 : gjennomskuet og likevel elsket (Oslo: Aller forlag) . ISBN 9788232502417  [Av innhaldet: Ein skulle kunne, Nokre gonger / Kjersti Wøien Håland. Redaktør: Ellen Wisløff]

Kjelder

Referansar

  1. ↑ 1,0 1,1 May Britt Eide (22. januar 2013). ««Kjersti (24) er klar med debutboka si»». Ytre Sogn. Henta 22. mars 2013. 
  2. ↑ 2,0 2,1 Adelheidur Audardottir Oldeide (1. februar 2013). ««Twitter-inspirasjon vert bokdebut»». Nettstaden til NRK Sogn og Fjordane. Henta 18. mars 2013. 
  3. ↑ ««Den norske filmskolen – Kjersti Wøien Håland»». Nettstaden til Den norske filmskulen. 23. oktober 2017. Henta 23. oktober 2017. 
  4. ↑ Ungdommens Kritikerpris, 2014

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord