Kjartan Hatløy

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 16. februar 1954 (70 år) Sørbøvåg

Yrke: Forfattar

Periode: 1996 –

Debut: Solreven

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (fødd 16. februar 1954 på Sørbøvåg) er ein norsk forfattar. Hatløy er framfor alt lyrikar; dei fleste bøkene hans er diktsamlingar. Alle er gjevne ut på Oktober forlag i Oslo.

Hatløy arbeidde i mange år som skipsrøyrleggjar på Løland Verft (Havyard Leirvik) heime i Hyllestad og dreiv småbruk ved sida av skrivinga. I dei seinare åra har han gått over til å vere heiltidsforfattar. Han skriv på nynorsk.

Diktsamlinga Kjøkkendikt vart i 2012 nominert til Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur.
I 2014 fekk han Hyllestad kommune sin innsatspris Kvernsteinsprisen.
I 2016 er diktsamlinga Den kvite vegen : stemningar frå Salbu nominert til Ungdommens kritikerpris.

Prisar og utmerkingar

  • 2014 – Kvernsteinsprisen
  • 2015 – Diktartavla
  • 2021 – Doblougprisen

Bibliografi

Lyrikk

  • 2001 – Stasjon smale seng : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0056-3
  • 2003 – Steg frå klår himmel : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0211-6
  • 2005 – Riket er vårt, damti damti : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0361-9
  • 2006 – I kråkekrins (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0432-1
  • 2011 – Fjord : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-0847-1
  • 2012 – Kjøkkendikt (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1061-0
  • 2014 – Mi meinings hus : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1411-3
  • 2016 – Den kvite vegen : stemningar frå Salbu (Oslo: Oktober) . ISBN 978 82 495 1653 7
  • 2017 – Dikt i samling (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1858-6
  • 2018 – Menneskedagar : dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1983-5
  • 2022 – Vere og døy døy og vere: dødslære (Oslo: Oktober) . ISBN 9788249525645

Prosa

  • 2002 – Nattsong og andre forteljingar (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0132-2

Bidrag i utvalde antologiar

  • 1995 – Vengeslag : 10 år Sogn og Fjordane skrivelag 1985-1995 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag) . ISBN 82-993603-0-7 I fulltekst ved nb.no  [Inneheld dikt av Kjartan Hatløy]
  • 2005 – Tankar møtest : antologi 2005 ( Sogn og Fjordane skrivelag)  [Inneheld dikt av Kjartan Hatløy]
  • 2008 – Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7202-7  [Av innhaldet: Olav H. Hauge : ein tenkjar i dikt / Kjartan Hatløy, s. 260-269]

I tidsskrift -eit utval

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord