Johannes Brochmann

Johannes Brochmann

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 19. april 1852 Nes, Kvinesdal kommune

Død: 24. mars 1930 (77 år)

Yrke: prest, skribent

Religion: Den evangelisk-lutherske kyrkja

Ektefelle: Elisabeth Brochmann

Born: Diderik Brochmann, Georg Brochmann

Johannes Brochmann

Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (19. april 1852–24. mars 1930) var ein norsk prest, forfattar, dramatikar og skribent.

Liv og virke

Johannes Brochmann var fødd i Kvinesdal. Han var son av sokneprest Diderik Hegermann Brochmann (1808–75) og Sara Jessine Louise Brock (1811–91) frå Nannestad.[1] Han vart cand.theol. i 1876, og arbeidde som lærar i Oslo frå 1877 til han i 1885 av helsemessige grunnar flytta til Vestlandet. Han budde i Ullensvang frå 1885, vart sokneprest i Røldal i 1900 og i Sogndal frå 1908 til 1923.[2][3][4] I Ullensvang arbeidde han som fri skribent, journalist, prestevikar og føredragshaldar.[3] I denne tida bidrog han til å stifta ungdomslag i bygda.[5] I Røldal skal han ha bidrege til å bevara Røldal stavkyrkje.[6]

Han skreiv dikt og ein komedie allereie i studietida. Dramaet Haakon Adelsteinsfostre (1878) er basert på Heimskringla, og er aldri oppført.[7] Forfattarskapet hans omfattar elles polemikk med Bjørnson om Over Ævne, biografiar over teologane E.F.B. Horn og Anton Christian Bang, dikt, songar og eventyr.[3]

Familie

Brochmann gifta seg i 1878 med Elisabeth Falsen Smith (1855–1915) frå Molde, som også var litterært interessert og omsette Sherlock Holmes-bøker.[8]

Dei var foreldre til Diderik Brochmann og Georg Brochmann, og gjennom Diderik besteforeldre til Zinken Hopp og Odd Brochmann.[3][9] Han var onkel til Bertram Dybwad Brochmann.

Bibliografi

Bøker

  • 1886 – Bør “Over ævne” opføres? : et samfundsspørsmaal paa dagsordenen (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1889 – Dr. E. F. B. Horn : nutidsbillede fra den norske kirke (Kristiania: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1898 – Biskop dr. A. Chr. Bang : et livsbillede : med lysstreif over vor kirkes udvikling i fortid og nutid (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1965 – Eventyr ifrå Hardanger : et livsbillede : med lysstreif over vor kirkes udvikling i fortid og nutid (Oslo: Norsk folkeminnelag) I fulltekst ved nb.no  [Ved Halldor O. Opedal; mest etter Thrond Sjursen Haukenæs og J. Brochmann]

Omsetjing

Kjelder

  1. Brochmann, Bodvar Fredrik Johannes i Norsk Forfatter-Lexicon, 1814–1880.
  2. Kolltveit, Olav (1894-1979) (1971). Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdeboknemnda. s. 118. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Carl Lauritz Lund-Iversen. «Brikker til et bilde, en biografisk skisse». I: Zinken : en bok om Zinken Hopp. Redigert av Carl Lauritz Lund-Iversen. Eide forlag, 2005. ISBN 82-514-0684-6
  4. Stedje kyrkje: Sogndal : 100 år : 1867-1967. 1967. s. 63. 
  5. Moren, Sven (1871-1938) (1921). Den frilynde ungdomsrørsla: Norigs ungdomslag i 25 år. s. 217. 
  6. Veka, Johan (1896-1985) (1944). Liv og lagnad i Suldal. Stabenfeldt. s. 81. 
  7. Steen, Ellisiv (1908-2001) (1976). Det norske nasjonalhistoriske drama 1756-1974: med beskrivende register. Gyldendal. s. 85. ISBN 8205085846. 
  8. Publikasjoner av Elisabeth Brochmann i BIBSYS[daud lenkje]
  9. Zinken Hopp: Johannes Brochmann i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord