Ivar Rusti
Fødd: 10. februar 1905
Død: 16. november 1997 (92 år)
Yrke: skribent
Ivar Andreasson Rusti (10. februar 1905–16. november 1997) var ein norsk småbrukar, redaktør, målar, bokbindar, bibliotekstyrar og forfattar frå Sogndal. Han var redaktør for bladet Solsprett som kom ut i Sogndal frå 1939 til 1949. Ivar Rusti var saman med Per Hilleren redaktørar for eit blad som heitte Sygnabladet og som vart starta i 1967 som ei «sogndalsk motvekt» mot det redaktøren i S/SA på den tida, den kontroversielle Hans Arnesen, skreiv i si avis. Sygnabladet kom berre ut eit halvt års tid.
Ivar Rusti var styrar for Sogndal folkeboksamling.
Bibliografi
Bøker
- 1943 – Ættargarden og andre forteljingar (Vik: Eige forlag)
- 1975 – Solgangsvind på Sognefjord (Sogndal: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Ho Åse frå Høgelid ; Menn me bør minnast ; Ferdaminne (Sogndal: Eige forlag)
I bøker – eit utval
- 1930 – Bar og blom : til upplesing i ungdomslag. 2. samlingi (Oslo: Olaf Norli) I fulltekst ved nb.no [Samla av Johan Austbø ; Av innhaldet: Ho Nikolina / Ivar Rusti, s. 126-127]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Ivar Rusti i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Gravminner i Norge
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)