Inge Torheim

Fødd: 1944

Yrke: kunsthistorikar

Inge Torheim

Inge Torheim (fødd 1944) er ein norsk redaktør og kunsthistorikar. Han er oppvaksen på Torheim i Eid kommune og på Bryggja i Vågsøy kommune. Torheim tok artium i 1964 og cand. mag. 1974. Han har vore lærar i grunnskulen, medarbeidar i Morgenbladet og i Riksgalleriet og redaktør av Arena. Torheim har skrive prosatekstar og kritikkar i mellom anna Kontrast, Vinduet, Ergo, Basar, Dag og Tid og Vi ser på kunst.
Torheim bur i Trondheim.

Bibliografi

  • 1986 – Arve Hovig : malerier : (gouache/mixed tech.) (Oslo: A. Hovig)
  • 1994 – Gruppe 5 1994 <utstillingskatalog> : Trondhjems kunstforening, Norge, 13.2 – 13.3, Kultur og kunstsenteret i Hafnarfjördur, Island, 7.5 – 29.5, Tammerforshuset, Tammerfors, Finland, 21.9 – 10.10, Sverige, høsten 1994 (Trondheim: Trondhjems kunstforening)  [Tekst: Svein Thorud, Øyvind Storm Bjerke, Inge Torheim]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord