Idun Anderssen Husabø
Fødd: 1980 (44 år) Leikanger
Yrke: forfattar
Idun Anderssen Husabø
Idun Anderssen Husabø (fødd 1980 i Leikanger) er ein norsk forskar og forfattar. Ho har vore busett i Sogndal og i Leikanger. Husabø har cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London. Frå 2003-2005 var ho journalist i NRK Sogn og Fjordane, i 2004/2005 var ho i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2006 vart Husabø tilsett som trainee i Vestlandsforsking i Sogndal, der ho seinare vart forskar. I 2011 vart ho tilsett som rådgjevar i Distriktssenteret i Sogndal.
Husabø har mellom anna skrive tekstane i bøkene Kjartan Slettemark – kunsten å falle (Skald 2009) med foto av Brita Olsson og i Balestrand (Skald 2011) med foto av Knut Bry og levert to bidrag til dokumentarboka Det fleirspråklege Noreg (2013). I boka Rabalder – kontroversielle ytringer gjennom 100 år,[1] som kom ut på Aschehoug i 2022, har ho bidrege med ein tekst om Kjartan Slettemarks Vietnam-verk.
Husabø er dotter til Anders Anderssen.
Bibliografi
- 2008 – Exit war, enter climate : institutional change and the introduction of climate adaptation in Norways public system of civil protection (Sogndal: Vestlandsforskning) . ISBN 9788242802866
- 2009 – Kjartan Slettemark : kunsten å falle (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-123-8 [Foto av Brita Olsson]
- 2010 – Ekstremvêrhendingar : erfaringsgrunnlag for klimatilpassing hos fylkesmannen (Sogndal: Vestlandsforskning) . ISBN 9788242802996
- 2011 – Balestrand (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-162-7 [Foto av Knut Bry]
- 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-190-0 [Foto av Oddleiv Apneseth ; tekstar av m.a. Marita Liabø, Marie Havnen, Idun A. Husabø, An-Magritt Lindtner, Oddrun Midtbø, Katrine Sele og Øystein Vangsnes]
Kjelder
- ↑ «Rabalder», aschehoug.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2022
- Idun Anderssen Husabø i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-12-03 ved Wayback Machine.