

Helge Johnsen
Fødd: 1955 (65 år) Vågsøy kommune
Yrke: journalist, skribent
Helge Johnsen (fødd 1955) er ein norsk journalist. Han er frå Nord-Vågsøy og busett i Førde. Johnsen har arbeidd i fleire aviser på Vestlandet, frå 1990 i Firda, der han m.a. har vore politisk reportar, kommentator og spaltist.
Johnsen har gjeve ut boka «Til Bergen for å ete agn» (Selja forlag 2003), ei samling epistlar med skråblikk på Sogn og Fjordane og vestlendingen, henta frå spalta «Helge-Blikk» i Firda. Han vart tildelt Presseprisen for Sogn og Fjordane i 1998 og Gulaprisen i 2000.
Bibliografi
Bøker
- 2003 – Til Bergen for å eta agn (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-35-8 [Foto: Arne Stubhaug. På omslaget: Helgeblikk. Tidlegare trykt i Firda]
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)