Hans Svarstad
Fødd: 11. juli 1883
Død: 1. april 1971 (87 år)
Yrke: politikar
Hans Svarstad
Hans Paulson Svarstad (11. juli 1883–1. april 1971) var ein norsk lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune.
Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei stilling han hadde til 1943.
Svarstad representerte Kristeleg Folkeparti og Hordaland på Stortinget frå 1937 til 1953.
Han gav ut forteljingane Ættararv i 1929 og Frå Bøgrendi året etter. I 1925 gav han i samarbeid med H. Høeg ut Lesebok for norsk ungdom.
Han fekk både Kongens fortenestemedalje i gull og Klostermedaljen.
Svarstad er gravlagd på Vikøy kyrkjegard.
Bibliografi
Bøker
- 1925 – Lesebok for norsk ungdom (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no [Ved Hans Høeg og Hans Svarstad]
- 1929 – Ættararv (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
- 1930 – Frå Bøgrendi (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
- 1947 – Framnes ungdomsskule 50 år ( Indremisjonssamskipnaden) I fulltekst ved nb.no [Redaktør: P. S. Eikrem. Av innhaldet: Ungdomsskulen sitt innslag i norsk folkeliv / Hans Svarstad, s. 36-41]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1965
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Om Hans Svarstad i Allkunne
- Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
Autoritetsdata |
---|