

Gustav Takle
Fødd: 23. februar 1878
Død: 1909 (31 år)
Yrke: lyrikar
Gustav Johannesson Takle (23. februar 1878–1909) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune. Han gjekk på Sogndal folkehøgskule og på Voss mellomskule. Deretter gjekk Takle på Elverum lærerskole og vart ferdig der i 1900. Han var lærar i fleire skular i Gulen kommune, m.a. på Takle. I 1909 døydde Takle, berre 31 år gamal. Han hadde då vore sjuk i fleire år. Takle var ein ihuga målmann og venstremann. Han let etter seg ei diktsamling, «Ungdomsmod», som vart gjeven ut på Lundes Forlag i 1934.
Bibliografi
Bøker
- 1934 – Ungdomsmod (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift
Kjelder
- Om Gustav Takle i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)