Gunn Karoline Fugle

Fødd: 1961 (63 år)

Yrke: skribent

Gunn Karoline Fugle

Gunn Karoline Fugle (fødd 2. desember 1961)[treng kjelde] er ein norsk musikkterapeut frå Jølster kommune som er busett i Sunnfjord. Ho er cand.philol med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. i tillegg har ho spesialistutdanning i barne- og ungdomspsykiatri, klinisk pedagogikk, og utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi.

Fugle arbeider i Helse Førde og i prosjekt i Helseforsking Sogn og Fjordane, forskingsgruppe: Psykisk helse og rus.

Bibliografi

Bøker

  • 1988 – Video i musikkterapien : frå musikkvideo til dokumetasjon av rollespel (Oslo: Østlandets Musikkonservatorium)  [Hovedarbeid ved ØMK]
  • 1999 – “Rett til” musikk og helse : musikkskulelærarar og behov knytt til arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming i kultur/musikktilbod : om arbeidsmåtar, paralellprosessar og profesjonelle relasjonar (Oslo: G.K. Fugle)  [Hovedoppgave – Universitetet i Oslo]
  • 2012 – Rytmen mellom oss : bruk av musikk i arbeid med barn og unge (Leikanger: Skald forlag). ISBN 978-82-7959-167-2

I bøker – eit utval

  • 2009 – Musikk i psykisk helsearbeid med barn og unge ( Norges musikkhøgskole). ISBN 978-82-7853-060-3  [Av innhaldet: Ungdom, samspel og komponering / Gunn Karoline Fugle.]

Lydbøker

  • 2017 – Musikk i psykisk helsearbeid med barn og unge (Oslo: Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek). ISBN 978-82-16-25707-4  [Daisy 2.02. Av innhaldet: Ungdom, samspel og komponering / Gunn Karoline Fugle. Trykt utgåve i 2009, Norges musikkhøgskole i samarbeid med Unipub.]

Nyaste publikasjonar:

  • Musikk som fredsbærar
  • Group Therapy for Sexually Abused Children
  • Musikk som terapeutisk metode til å fremme psykisk helse og vitalitet
  • Adventskalender for barnehager. https://rvtsvest.no/adventskalender/
  • Musikk og sansestimulering i arbeid med fosterheimsbarn; Fosterheimen som utviklingsarena.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord