Gøril Grov Sørdal

Fødd: 1974 (50 år)

Yrke: skribent

Gøril Grov Sørdal

Gøril Grov Sørdal (fødd 1974) er ein norsk journalist. Ho er frå Vik i Sogn. Sørdal har studert historie, medievitskap, folkloristikk og arabisk ved Universitetet i Bergen. Sidan 2000 har ho jobba som radio- og TV-journalist i NRK. Sørdal jobba med namn og stadnamn i Norgesglasset på P1 og Språkteigen på P2, og seinare skapte og leia ho TV-serien Nomino, som gjekk på NRK1 hausten 2015 og 2016.

Bibliografi

Bøker

  • 2018 – Nomino : historia om norske stadnamn (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-1109-0
  • 2019 – Frå Mumletjønn til Gnuldrehei : våre villaste og raraste stadnamn (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-1285-1

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord