Georg Arnestad
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 17. november 1948 (76 år)
Yrke: redaktør
Georg Arnestad
Georg Arnestad (fødd 17. november 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal.
Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregåande skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitskapleg assistent ved NHH i åra 1976–1977. Han var deretter konsulent for kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1978–1981. Han vart forskar og amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1981–1987, forskar ved Vestlandsforsking i perioden 1988–1996, med eit års opphald 1991–1992, då han vart utnemnd som spesialrådgjevar for Kulturdepartementet. Han har vore både forskings- og utviklingsleiar og seniorrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I perioden 1981–1987 var Arnestad redaktør for tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane, og Norsk Kulturårbok Samlaget 1994–1999. Han har vore styreleiar for Sogndal Kulturhus AS.
Bibliografi
Bøker
- 1977 – Økonomisk utvikling i Gloppen ca. 1860-1910 (Bergen: Norges Handelshøyskole)
- 1982-1987 – Søkelys på Sogn og Fjordane : eit samfunnsfagleg tidsskrift. ( Sogn og Fjordane distriktshøgskule ) [Redaktørar: Georg Arnestad og Jon Naustdalslid]
- 1989 – Kultur for regional utvikling : kultursatsing i eit utkantfylke mot slutten av 1980-åra (Sogndal: Vestlandsforskning). ISBN 82-428-0046-4 I fulltekst ved nb.no
- 1993 – Analyse av organisasjonsstruktur m.v. i Norges sang- og musikkråd (Sogndal: Vestlandsforskning) I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Kulturårboka 1994 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252143294 [Redaktør Georg Arnestad]
- 1995 – Kultur- og regionalutvikling (Oslo: Tano). ISBN 82-518-3362-0 [Georg Arnestad (red.)]
- 1995 – Kulturårboka 1995 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252143294 [Redaktør Georg Arnestad]
- 1995 – Thalias utpost eller lokalsamfunnets speil? : norsk regionalteaterpolitikk 1970-93 (Sogndal: Vestlandsforsking). ISBN 8242801150 I fulltekst ved nb.no [Av: Georg Arnestad, Svein Gladsø, Jørgen Langdalen]
- 1996 – Kulturårboka 1996 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252145823 [Redaktør Georg Arnestad]
- 1997 – Fritidskulturlivet i Norge : ein forstudie (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 8270810460 I fulltekst ved nb.no [Av: Georg Arnestad og Ove Osland]
- 1998 – Kulturårboka 1998 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252151145 [Redaktørar Georg Arnestad og Kjersti Mjør]
- 1999 – Den gode lærar? : om det å skrive godt eller å publisere mykje : rapport frå og om eit skrivetreningskurs (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for lærarutdanning) I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Kulturårboka 1999 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252153712 [Redaktørar Georg Arnestad og Hilde Sandvik]
- 2001 – “Men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt-” : om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 82-7081-101-7 I fulltekst ved nb.no
- 2007 – Lidvin : rett og slett (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-73-3 [Red. Trond Ueland og Georg Arnestad]
I bøker – eit utval
- 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 år (Leikanger: Skald forlag) [Av innhaldet: Esefjordsild med bokkøl : om spaltisten og essayisten (og lokalpolitikaren) Johs. B. / Georg Arnestad]
- 2021 – Stadutvikling : Fjordantologien 2021 (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 9788215053332 [Av innhaldet: Frå student til entreprenør : kva fremmar og hemmar studententreprenørskap i høgare utdanning? / Georg Arnestad, Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse.]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Georg Arnestad i Allkunne Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar i Oria
- Publikasjonar av Georg Arnestad i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Heimesida til Høgskulen på Vestlandet Arkivert 2016-11-14 ved Wayback Machine.