Fredrik Høstaker
Fødd: 20. juli 1990 (34 år)
Fødestad: Førde
Verka som: skribent, skodespelar, dansar
Fredrik Høstaker
Fredrik Høstaker (fødd 20. juli 1990) er ein norsk skodespelar frå Førde i Sogn og Fjordane. Han har gått dramalinja på Firda vidaregåande skule og teaterlinja på Romerike Folkehøgskole. Seinare studerte han musikkteater ved Bårdar Akademiet, før han tok master i skodespelarfag ved Teaterhøgskolen, Kunsthøgskolen i Oslo.
Høstaker har gjort roller som Mozart i Amadeus (Kilden Teater), Yngve i Villskudd ([Kilden Teater), Fyrst Mysjkin i Idioten (Kilden Teater) og Tom i Glassmenasjeriet (Oslo Nye Teater).
Bibliografi
Bøker
- 2009 – I gråsona : ei samling av dikt frå totusenogseks til totusenogni ( Eige forlag)
I bøker – eit utval
- 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-38688-4 [Inneheld dikt av Åslaug Timenes Bell, Fredrik Høstaker, Siw-Anita Kirketeig, Janne Nygård, Jostein Avdem Fretland og Olav Gisle Øvrebø]
- 2009 – Eit liv gjennom 100 år [Tekst: Jorunn Sunde, Harald Bruland; dikt: Fredrik Høstaker, Jorunn Sunde; bilder: Kirsten Tisthamar]
Kjelder
- Bloggen til Sparebanken Sogn og Fjordane Arkivert 2017-02-02 ved Wayback Machine.