Finn Tokvam
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 25. januar 1972 (52 år) Flåm
Yrke: journalist, skribent, skodespelar, songar
Språk: norsk
Finn Tokvam
Finn Tokvam (fødd 25. januar 1972) er ein norsk journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han er busett i Bergen der han jobbar som journalist og humorist i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han er òg spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn Erix.
Tokvam debuterte som forfattar i 2005, saman med kollegaen Halvor Folgerø, med romanen Tyl.
Bøker
- 2005 – Tyl (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252168457 I fulltekst ved nb.no [Medforfattar: Halvor Folgerø]
- 2008 – Juleglimt (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-91722-97-9 [Av innhaldet: Elvis jul/Finn Tokvam]
- 2012 – Ler dei no så har eg vunne : møte med Ragnar Hovland (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252181333 [Medforfattar:Halvor Folgerø]
- 2015 – P.I.L.S : populærmusikk ispedd litt sladder (Oslo: Kagge forlag). ISBN 9788248916628 [Medforfattar: Bård Ose]
- 2017 – Lothepus : Går det til helvete, så går det til helvete (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252194708 [På omslaget: Fortalt til Finn Tokvam]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- finntokvam.no Arkivert 2014-05-14 ved Wayback Machine.
- Allkunne om Finn Tokvam.
Autoritetsdata |
---|