Elias M. Aardal
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 6. august 1880 Breim kommune
Død: 1968 (87 år)
Yrke: lærar
Elias M. Aardal
Elias Monsen Aardal (6. august 1880–18. april 1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Årdal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland kommune i Rogaland, i dag i ein del av Sandnes kommune. I siste del av livet, vert han buande på lærargarden på Sporaland.
Aardal gav ut ei minnebok om 1890-åra i heimbygda, og to diktsamlingar, den eine med tema frå Breim.
Han er gravlagd på Sviland i Sandnes kommune.
Bibliografi
- 1955 – Minne fra Aardal i Breim i 1890 åri (Sandnes)
- 1956 – Natur og folkeliv i Erling Skjalgson sitt rikje (Sandnes)
- 1958 – Breim i Nordfjord (Sandnes)
Kjelder
- Carl Lauritz Lund-Iversen (red.) (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag.
- Om Elias Monsen Aardal i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane