Eldrid Lunden
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 5. oktober 1940 (83 år) Naustdal
Yrke: Professor i skrivekunst
Periode: 1968 –
Sjanger: Lyrikk
Ektefelle: Reidar Ekner
Debut: F.eks. juli, 1968
Eldrid Lunden
Eldrid Lunden (fødd 5. oktober 1940 I Naustdal) er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst.
Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. Ho var med å starta opp forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, Bø i Telemark, frå 1982 var ho hovudlærar der, og i 1996 vart ho den fyrste professoren i skrivekunst i Noreg.
Forfattardebuten kom i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli. Ho vert rekna som ein av våre fremste lyrikarar.
Prisar og utmerkingar
- 1982 – Nynorsk litteraturpris for Gjenkjennelsen
- 1984 – Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
- 1989 – Doblougprisen
- 1992 – Aschehougprisen
- 1997 – Melsom-prisen
- 1997 – Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Slik sett
- 2000 – Amalie Skram-prisen
- 2000 – Brageprisen: heidersprisen
- 2005 – Mads Wiel Nygaards legat
- 2007 – Halldis Moren Vesaas-prisen
- 2016 – Bjørg Vik-prisen
- 2016 – Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.[1]
- 2021 – Svenska Akademiens nordiske pris
Bibliografi
Bøker
- 1968 – F.eks. juli : dikt (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1975 – Inneringa : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0516-5 I fulltekst ved nb.no
- 1976 – Hard, mjuk : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0621-8 I fulltekst ved nb.no
- 1977 – Mammy, blue : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0767-2 I fulltekst ved nb.no
- 1982 – Essays (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2162-4 I fulltekst ved nb.no
- 1982 – Gjenkjennelsen : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2157-8 I fulltekst ved nb.no 82-574-0203-6}
- 1987 – Dikt i utval (Stabekk: Bokklubbens lyrikkvenner) . ISBN 82-525-0765-4 I fulltekst ved nb.no
- 1989 – Det omvendt avhengige (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3444-0 I fulltekst ved nb.no
- 1990 – Noen må ha vore her før (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3635-4 I fulltekst ved nb.no
- 1992 – Dikt i samling 1968-1990 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3722-9 I fulltekst ved nb.no
- 1996 – Bølgenes sorg? : de vet ingenting : dikt i utvalg 1984-1996 (Oslo: Den norske lyrikklubben) . ISBN 82-525-2877-5 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Anne Bøe. Redaktør: Eldrid Lunden]
- 1996 – Slik sett : dikt (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-17744-1 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Dikt i samling : 1968-2000 (Oslo: Den norske lyrikklubben) . ISBN 82-525-4498-3 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Til stades : (tekstar om erindring og gløymsle) (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-18315-8 I fulltekst ved nb.no
- 2004 – Kvifor måtte Nora gå? : nye essays og andre tekstar (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-18836-2
- 2005 – Flokken og skuggen (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-19061-8
- 2008 – Modernisme eller litterær populisme? : eit essay om Arne Garborg og Knut Hamsun (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-19452-8
- 2014 – Kan ein lære å bli forfattar? (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-8288-047-3 [Serie: F° ; 202]
- 2018 – Det er berre eit spørsmål om tid : kalenderdikt 2014-2018 (Oslo: Ascheoug) . ISBN 978-82-03-36371-9
- 2019 – Dikt i samling : 1968-2018 (Oslo: Ascheoug) . ISBN 978-82-03-36497-6
I bøker – eit utval
- 1983 – Lese for livet : 12 norske skribenter om kunsten å lese (Oslo: Tiden) . ISBN 8210024884 I fulltekst ved nb.no [Redaktør: Johan Fredrik Grøgaard. Av innhaldet: Eit forsvar for litteraturhatet? / Eldrid Lunden, s. 74-83]
- 1985 – Dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2494-1 I fulltekst ved nb.no [Dikt av Eldrid Lunden, s. 72-74]
- 1985 – Einar Økland 50 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3510-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Einar – 50 år i veggen / Eldrid Lunden, s. 18]
- 1991 – Reisen : en antologi (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0382-0 [Av innhaldet: Toget er gått / Eldrid Lunden. Eventyrleg reise / Eldrid Lunden]
- 1993 – Signaler ’93 : Cappelens årlige litterære revy (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-13072-7
- 1993 – Olympiske grener O.L. (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-03681-5 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Nordisk kombinasjon / Eldrid Lunden]
- 1994 – Ein blomstervang for din fot- : norske kjærleiksdikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4410-1 I fulltekst ved nb.no [Dikt av Eldrid Lunden s. 81-84]
- 2008 – Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7202-7 [Redaktørar: Bodil Cappelen og Ronny Spaans. Av innhaldet: Balansepunkt / Eldrid Lunden]
- 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6 [Inneheld dikt av Eldrid Lunden]
- 2014 – Bibeldikt (Oslo: Verbum) . ISBN 978-82-543-1292-6 [Redaktørar: Alf Kjetil Walgermo og Jan Ove Ulstein. Av innhaldet: Minnedag / Eldrid Lunden]
- 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2 [Av innhaldet: Mitt Sunnfjord / Eldrid Lunden]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- ↑ «Utnemning til St. Olavs Orden». Kongehuset. 7. april 2016. Henta 13. september 2017.
Bakgrunnsstoff
- Om Eldrid Lunden i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Om Eldrid Lunden i Allkunne
- Øystein Rottem (2002). Hurtigruta : en litterær reise. Oslo: Press. ISBN 82-7547-098-6. [Om m.a. Eldrid Lunden]
- Jørgen Magnus Sejersted (2007). Lyrikkhåndboken : 101 dikt og tolkninger. Oslo: Spartacus. ISBN 978-82-430-0247-0. [Av innhaldet: Lunden, Eldrid: Mammy, Blue [Avdeling I] s. 311-315]
- Birgitte Huitfeldt Midttun (2011). Vi er tiden : møter med kvinner i skandinavisk litteratur. Oslo: Humanist. ISBN 978-82-92622-71-1. [Om m.a. Eldrid Lunden]
- Steinar Opstad (2012). Himmelretninger : essays om dikt og diktning. Oslo: Kolon. ISBN 978-82-05-42767-9. [Av innhaldet: I gjennomlyttingen : om Eldrid Lundens Det omvendt avhengige]
Autoritetsdata |
---|