Einar Svartefoss
Fødd: 17. november 1910
Død: 14. oktober 1999 (88 år)
Yrke: skribent
Einar Svartefoss
Einar Svartefoss (17. november 1910–14. oktober 1999) var ein norsk redaktør og aviseigar. Han var frå Guddal i Fjaler kommune og busett på Hermansverk i Leikanger kommune.
Han verka som journalist og seinare medeigar og redaktør i avisa Sogn og Fjordane frå 1936 og seinare til 1987. Han fortsette arbeidet i avisa, også etter at ho vart kjøpt opp og slegen saman med Sogningen/Sogns Avis til Sogn Avis i i 1993.
Svartefoss var aktiv i motstandsrørsla under andre verdskrigen, og skreiv seinare ei bok om tida.
Bibliografi
Bøker
- 1994 – 5-årsnatta : Leikanger i krigsåra 1940-45 (Leikanger: Systrond Sogelag) . ISBN 82-7560-003-0 I fulltekst ved nb.no
- 1995 – Leikanger Helselag : 1925-1995 (Leikanger: Leikanger Helselag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2017-05-19 ved Wayback Machine.
- Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff