David  Bakke

David Bakke

Fødd: 30. april 1857 Fjaler

Død: 25. april 1935

Statsborgar av: Noreg

Parti: Venstre

Yrke: bonde, redaktør, politikar

Far: Ole Mathiasson Bakke

David Olsson Bakke (30. april 1857–25. april 1935) var ein norsk gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord.

Bakke var son til Ole Mathiasson Bakke, ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Frå 1897 til 1900 var han styrar av eit Vaardals Teglverk.[1]

Bakke var medlem av heradsstyret i Ytre Holmedal frå 1884 til -88 og i tida 1894-1911. I ni av åra var han ordførar. År 1887 var han redaktør av Firda og Sygnafylkets avis. Han var formann i venstreforeininga i amtet, og 5. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1900-03; medlem av næringskomite nr 1. På ny vald til stortingsrepresentant for 1913-15, då for einmannskrinsen Søndfjord, gjenvald for perioden 1916-18. Han var då medlem av vegkomiteen, formann 1917 og det meste av 1918-sesjonen.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. «NSD – Norsk senter for forskningsdata AS», nsd.no, henta 16. februar 2020 
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA