David Andreas Lervaag

Fødd: 10. april 1862 Askvoll

Død: 8. mai 1907 (45 år)

Yrke: forfattar, redaktør

David Andreas Lervaag

David Andreas Lervaag (10. april 1862–8. mai 1907) var ein norsk forfattar og avisredaktør. Han vart fødd på Atløy i Askvoll kommmune.

Lervaag skreiv og gav ut fleire kristelege bøker på eige forlag. Den første boka kom på prent i 1894, og hadde tittelen Vidnesbyrd om Guds Ords kraft eller Erfaringer fra Sygeleiet : samt nogle aandelige Sange.

På slutten av 1800-talet gav han ut misjonsbladet Den syges Ven. Namnet på tidsskriftet blei endra til Det lille Trøsteblad. Bladet blei etter at David Andreas Lervaag døydde gitt ut av enka Astrid Lervaag til 1922.

David Andreas Lervaag var redaktør i avisa Firda Folkeblad frå starten av i 1906 og til våren 1907. Avisa blei prenta i Askvoll.

Lervaag engasjerte seg i kristeleg misjonsarbeid.

David Andreas Lervaag var frå ung alder plaga av sjukdom som gjorde han sengeliggande. Han nytta sjukeleiet til å skrive.

Bibliografi

Bøker

  • 1894 – Vidnesbyrd om Guds Ords kraft eller Erfaringer fra Sygeleiet : samt nogle aandelige Sange (Mandal: Utgiverens forlag)
  • 1895 – Den syge Pilgrims Bønner og Betragtninger (Bergen: Forlag ukjent) I fulltekst ved nb.no
  • 1896 – Om Sygebesøk : samt nogle salmer og sange (Mandal: Utgiverens forlag)
  • 1900 – Opmuntrende Vidnesbyrd fra Korsskolen (Askvoll: Utgiverens forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1903 – Kjæmp for Kronen : bønner og betragtninger (Askvoll: Utgiverens forlag)  [Andre utgåve]
  • 1904 – Trøstefulde betragtninger i livets strid og længsel (Askvoll: Utgiverens forlag)  [Andre utgåve]
  • 1904 – Trøstesalmer og sange (Askvoll: Utgiverens forlag)

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord