Botolv Hov
Fødd: 8. mars 1922 Fresvik
Død: 11. juni 2020 (98 år) Fresvik
Yrke: industrieigar, kommune-/bystyremedlem
Botolv Hov
Botolv Hov (8. mars 1922–11. juni 2020) var ein norsk industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Han var fødd i Fresvik i Vik kommune (tidlegare Leikanger kommune), og store delar av året busett på Styvi i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Hov var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Han starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å produsere element for kjøleromsveggar. Fresvik Produkt utvikla seg til ei suksessverksemd med 50 tilsette og ei omsetning på kring 50 millionar kroner i 2001.
Hov sat i Leikanger kommunestyre i to periodar, ein av dei i formannskapet. Etter at han flytta til Styvi, sat han ein periode i Aurland kommunestyre.
I tillegg hadde han fleire andre tillitsverv i begge kommunar. I 1993 opna han og ektemaken Kjellaug gardsmuseum og starta gardsturisme på Styvi. Hov gav i 2006 ut historieboka Styvi i Nærøyfjorden på Skald forlag.
Botolv Hov er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.
Bibliografi
Bøker
- 2006 – Styvi i Nærøyfjorden (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-078-1
Kjelder
- Om Botolv Hov i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff