

Arne Henning Årskaug
Fødd: 1985 (40 år) Førde
Yrke: bibliotekar, skribent
Arne Henning Årskaug
Arne Henning Årskaug (fødd 1985) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Han kjem frå Holsen i Førde kommune. Årskaug har gått på Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og Høgskolen i Oslo og Akershus, Bibliotek- og informasjonsvitenskap.
Årskaug debuterte i 2015 med Utstyrstekstar. Tekstane i debutboka er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep.
Bibliografi
Bøker
- 2015 – Utstyrstekstar : prosa (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8727-4
- 2022 – Skap & sørg : eksessar om gørra vi ber på (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-340-0658-6
I bøker – eit utval
- 2012 – Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2012 (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-37822-6 [Av innhaldet: Fyret / Arne Henning Årskaug]
- 2012 – Tekster som kunne blitt tannpirkere : antologi for Forfatterstudiet i Bø 2011/2012 (Bø: Forfatterstudiet) . ISBN 978-82-7206-338-1 [Inneheld stoff av Arne Henning Årskaug]
Kjelder