Anne Johanne Kvale

Anne Johanne Kvale

Fødd: 11. juli 1924 Førde

Død: 6. desember 2015 (91 år)

Yrke: journalist, politikar

Anne Johanne Kvale

Anne Johanne Kvale (fødd 11. juli 1924 i Førde, død 6. desember 2015 i Oslo)[1] var ein norsk journalist og politikar.

Anne Johanne Kvale debuterte som journalist i avisa Firda og arbeidde der frå 1946 til 1951. I perioden 1956—61 var ho landssekretær i Norges Bondekvinnelag og utdanna seg som sosionom. I ettertid har ho arbeidd som landssekretær i Kristeleg Folkepartis Kvinner og som informasjonssekretær i Landsforeningen mot Kreft, i tillegg til ei rad verv som styremedlem i Avholdfolkets landsnemnd, Det Hvite Bånd og Kriminalomsorg i Frihet og Norske Kvinners Nasjonalråd. Ho har også sete i bystyret i Oslo og vore medlem av tilsynsrådet til Ullersmo landfengsel. Kvale var den første kvinnelege leiaren i Sunnfjordlaget i Oslo og har gjeve mykje stønad til lokalhistoriske skrifter i Førde, særleg til Jul i Sunnfjord.

Kvale skreiv to bøker, begge om Kristeleg Folkepartis Kvinner, og bidrog til ei rad tidsskrift og meldingsblad for mellom anna Landsforeningen mot Kreft, Norges Bondekvinnelag, Kvinners Frivillige Beredskap og Norske Kvinners Nasjonalråd. Ho gav i 1994 ei større boksamling på 6000 bind til Førde bibliotek.

Kvale fekk i 2009 Kongens fortenestmedalje i sølv.

Bibliografi

Bøker

  • 1979 – For kvinners rett og likeverd : Norske kvinners nasjonalråd, 1968-1978. Del 1 (Oslo: Norske kvinners nasjonalråd) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Anna Louise Beer ; medarbeidarar: Birgit Wiig, Anne Johanne Kvale. Undertittel på omslaget: Norske kvinners nasjonalråd ved 75-års jubileet : initiativ og uttalelser 1968-1979]
  • 1979 – For kvinners rett og likeverd : Norske kvinners nasjonalråd, 1968-1978. Del 2 (Oslo: Norske kvinners nasjonalråd) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Anna Louise Beer ; medarbeidarar: Birgit Wiig, Anne Johanne Kvale. Undertittel på omslaget: Norske kvinners nasjonalråd ved 75-års jubileet : initiativ og uttalelser 1968-1979]
  • 1992 – Trodals-Mads : forteljinga om mordet i Trodalen den 19. juni 1839 (Førde: Pedagogisk tenestekontor)  [Av Anne Johanne Kvale og Jofrid Kristensen]

I tidsskrift – eit utval

Referanse


  1. Mariam Rapp (10. desember 2015), Nekrolog: Anne Johanne Kvale 

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord