Anna Karina Stang

Anna Karina Stang

Fødd: 31. mai 1899

Død: 2. august 1996 (97 år)

Yrke: lyrikar, skribent

Anna Karina Stang

Anna Karina Stang (31. mai 1899–2. august 1996) var ein norsk folkesongar frå Stongfjorden i Askvoll kommune.

Bakgrunn

Anna Karina Stang voks opp i Stubseid i Stongfjorden i Askvoll i 1899. Ho var yngste dotter til Matias Kornelius Stubseid (1864-1934) og Rakel Amalie Johannesdatter Stubseid (f. Lien). Anna hadde fire eldre systre.

Folkesongar

Anna Karina Stang var ein viktig representant for songtradisjonen i Ytre Sunnfjord, og ho hadde eit allsidig repertoar som femnde om både slåttestev, religiøse folketonar og gjetarviser. Stang hadde songtradisjon frå bestefar sin, Kristian Bendiksson Stubseid (1831-1908), og ho førte tradisjonen vidare ved å synge for sine born. Saman med ektemannen Anton Sigvald Peterson Stang hadde ho fem born: Jørgen, Per Ove, Ragnhild, Malmfrid og Mathias.

Stang budde i Stubseid i Stongfjorden, der ho var husmor og bondekone. I tillegg til å vere folkesongar, las ho mykje offentleg. Ho skreiv prologar til høgtidar og festar i bygda, songar til bryllaup, og dikt om det nære i gardslivet. På 1970-talet gjorde slektningen og spelemannen Gunnar Stubseid lydopptak av Anna Karina Stang. Innsamlinga vart gjort til Arne Bjørndals Samling i Bergen. Mange av desse songane vart seinare gjeve ut i boka «Tippe, tippe, tue».

Bibliografi

Bøker

  • 1980 – Tippe, tippe tue : viser, aukerim og sullar etter Anna Stang (Oslo: Norsk folkeminnelag) . ISBN 82-03-10186-0 I fulltekst ved nb.no  [Nedskrivne av Gunnar Stubseid. Norsk folkeminnelag. Skrifter ; 121]

I tidsskrift – eit utval

Bakgrunnsstoff

Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord