Andreas Engebø

Fødd: 15. august 1934 Vevring

Død: 12. september 2021 (87 år)

Yrke: lærar, skribent, vektløfter

Andreas Engebø (15. august 1937–12. august 2021)[1] var ein norsk lærar, idrettsutøvar og forfattar.

Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø var lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal skule.

Andreas Engebø var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.

Engebø debuterte med diktsamlinga Trollhegg og rabarbra i 1986.

Bibliografi

Bøker

  • 1986 – Trollhegg og vill rabarbra (Naustdal: Sogn og Fjordane magasin) . ISBN 82-90576-01-3
  • 2008 – Liv i Låglandet (Holmedal: eige forlag)
  • 2009 – Raud myrull (Holmedal: eige forlag)
  • 2012 – Ørneblikk (Holmedal: eige forlag)

I bøker – eit utval

  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: Andreas Engebø]

I tidsskrift – eit utval

Lydbøker

  • 2005 – Gråbein ( Spilte sjanser)  [Tekstar Andreas Engebø]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Referansar

.mw-parser-output .reflist{font-size:90%;margin-bottom:0.5em;list-style-type:decimal}.mw-parser-output .reflist .references{font-size:100%;margin-bottom:0;list-style-type:inherit}.mw-parser-output .reflist-columns-2{column-width:30em}.mw-parser-output .reflist-columns-3{column-width:25em}.mw-parser-output .reflist-columns{margin-top:0.3em}.mw-parser-output .reflist-columns ol{margin-top:0}.mw-parser-output .reflist-columns li{page-break-inside:avoid;break-inside:avoid-column}.mw-parser-output .reflist-upper-alpha{list-style-type:upper-alpha}.mw-parser-output .reflist-upper-roman{list-style-type:upper-roman}.mw-parser-output .reflist-lower-alpha{list-style-type:lower-alpha}.mw-parser-output .reflist-lower-greek{list-style-type:lower-greek}.mw-parser-output .reflist-lower-roman{list-style-type:lower-roman}

  1. «Andreas Rasmus Engebø». Våre minnesider. 12. september 2021. Arkivert frå originalen 2021-09-16. Henta 16. september 2021. 


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA