Anders Skåsheim
Fødd: 1880 Balestrand
Død: 1965 (85 år)
Yrke: skribent
Anders Skåsheim
Anders Skåsheim (1880–1965) var ein norsk bankmann og forfattar av bøker og artiklar.
Han var fødd i Balestrand kommune i Sogn.[1] Skåsheim gjekk på Treiders Handelsskule i Oslo, og fekk der utdanning innan rekneskap, økonomi og marknadsføring. Han fekk seg jobb i Bergen Notforretning og arbeidde fleire år som handelsreisande. Han var med som sekretær i den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen frå oppstarten i 1914 og fram til 1920. Anders Skåsheim var sekretær, kontorsjef og soussjef i Vestlandsbanken i Bergen i perioden 1926-1950.[1]
Skåsheim ivra for målsaka og han hadde ein sentral plass i Vestmannalaget i Bergen og han vart utnemnd til æresmedlem. Skåsheim var med å skipa Sogn Mållag, og var den første formann der. Han vart også utnemnd til æresmedlem i Sogn Mållag.
Skåsheim var initiativtakar til skipinga av Historielaget for Sogn.[2]
I 1950 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.[3]
Bibliografi
Bøker
- 1921 – Bankarbeid (Bergen: Gula Tidend Prenteverk) I fulltekst ved nb.no
- 1933 – Bodberaren 1 (Bjørgvin: Lunde forlag) I fulltekst ved nb.no [Dikt]
- 1934 – Bodberaren 2 (Bergen: Lunde forlag) [Dikt]
- 1959 – Grønlandssaki : grunnlag for norrøn samvinna (Leikanger: Det Norrøne Grønlandslaget)
- 1960 – Segner og sogor frå Kyrkjebø herad (Balestrand: Kviknes bokhandel)
- 1962 – Nordland-skipparar frå Tysnes : fiskekjøp og sildesalting i Nord-Noreg (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no
- 1964 – Noko um det fyrste kjende torskefiske i Finnmark (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
- 1914 – Til frender fraa Sogn : festskrift utgjeve av Sogns ungdomslag til stemna i Sogndal 2. august 1914 (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no [Redaktør: Olav Hoprekstad. Av innhaldet: Amerikabrev / Anders Skåsheim, s. 42-43]
I tidsskrift – eit utval
- «Ikkje i noki bygd har eg set so mykje av baade nytt og gamalt som i Vik». Pridlao (2): 33, årgang 15. 1998. Frå Sogns Tidend, 1913
- «1500 år gamalt sverdfunn på Vangsnes». Pridlao (1): 71, årgang 16. 1999. Frå Sogningen 24.3.1958
- «Fraa ei granskarferd i Sogn : Arnefjord og Nessarne». Pridlao (3): 68-69. 1999. Årgang 16
- «Restaurering av Vangsnes kyrkje i 1957». Pridlao (1): 70-71. 1999. Årgang 16
- «Varande minne». Pridlao (3): 51. 1999. Årgang 16
- «Åsa Brekke f. Grøneng 1860-1955». Pridlao (3): 47. 1999. Årgang 16
- «Åsedalen». Pridlao (3): 58-59, årgang 17. 2000. Frå Sogningen 15.03. 1963
- «Samferdsla i Sogn på 1950-talet». Pridlao (1): 85. 2002. Årgang 19
- «Trygdelaget for Sognajekter». Pridlao (1): 66, årgang 21. 2004. Frå Sogningen 02.03.1953
- «Prydeleg vøling av Vangsnes kyrkje». Pridlao (1): 74, årgang 22. 2005. Sogningen, februar 1958
- «Ei stormannsgrav ved Sognefjorden : Borlåg i Feios hev vore hovdingsæte». Pridlao (1): 76-77, årgang 22. 2005. Frå avisa Sogn og Fjordane 9. desember 1953
- «Millom gamle jektekarar». Pridlao (2): 47-49, årgang 29. 2012. Tidlegare prenta i Sogningen
- «Frå Fjærland (for 100 år sidan)». Dar breadn kalva: 32-34, årgang 14. 2013. Frå Sogns Tidende 14. november 1913
- Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Referansar
Kjelder
- Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (1978). Tidsskrift. Nummer 26 : dikting og diktarar frå Sogn. Historielaget for Sogn.
- «Det Norske Kongehus : tildelinger av ordener og medaljer». Henta 2.12.2015.
- Gert Falch Heiberg (1944). «De Heibergske samlinger». Den Norske turistforenings årbok. 1944. Oslo: Den Norske Turistforening. s. 66-81.
Bakgrunnsstoff
- De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
- Jon Laberg (1934). Balestrand : bygd og ætter. Bergen.: Lunde forlag. [Anders Skåsheim er nemnt på tittelbladet som hjelpar i arbeidet med boka]
- Oversyn om arkivmateriale etter Anders Skåsheim, og artiklar etter opplysingar frå Skåsheim ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Sven Moren og Edvard Os (1921). Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo: Laget : Norsk maalkontor. [Anders Skåsheim med på gruppebilete på side 388]
- Skåsheim, Anders i Norsk alkunnebok, band 10, side 17, 1964
- Vik gamle prestegård åpnet. Anders Skårheim tala ved feiringa av 40-årsjubileet til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Vik prestegard vart flytta til museet. Frå Fylkestidende for Sogn og Fjordane 8.6.1949
- Om Anders Skåsheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane