Anders Redal
Fødd: 11. november 1811 Vevring
Død: 22. februar 1896 (84 år)
Yrke: skribent, politikar, bonde
Anders Redal
Anders Andersson Redal (11. november 1811–22. februar 1896) var ein norsk bonde, politikar og haugianar. Han var frå Redalen i Vevring i Naustdal kommune. I ungdommen slutta Redal seg til Haugevenene i Sunnfjord og han reiste som emissær for haugerørsla i om lag 50 år, reisene betalte han med eigne midlar.
Anders A. Redal skipa ei av landets første misjonsforeiningar i Vevring i 1844. Sjølv var han leiar for foreininga til 1894.
Redal skreiv salmar, songar, brev og andakter. Fleire av salme- og songtekstane hans er samla i “Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen”, utgjeven av Ingolf Kvamen. Dei fleste av songtekstane med notar er også utgjeve som “Religiøse sange” i “Sogeskrift for Naustdal. 2005”
Anders Redal var ordførar i Vevring kommune 1858-1863.
Bibliografi
Bøker
- u.å. – Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen [Utgjeven av Ingolf Kvamen]
- 2005 – Sogeskrift for Naustdal. 2005. Anders Redal: Relligiøse sange (Naustdal: Naustdal sogelag)
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Anders Redal i Allkunne[daud lenkje]
- Gravminner i Norge
- Her er so fagert ved høge lid : dikting og diktarar frå Naustdal og Vevring. Naustdal: Naustdal Sogelag. 2010. s. 121. ISBN 978-82-91462-06-6. [Redaktørar: Harald Jarl Runde, Arthur Søgnen, Hallstein Erdal]
Bakgrunnsstoff
- Underlid, Aud (1977). Anders Redal : ein talsmann for Haugerørsla : historisk særoppgåve. Førde: Førde gymnas.
- Om Anders Redal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane