Noralv Pedersen
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 1975 (51 år)
Yrke: skribent, journalist, programleiar
Prisar: Gullruten for beste regi
Noralv Pedersen
Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist frå Vik i Sogn. Pedersen er kjend som programleiar i tv-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
I 2026 vann han og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Gullrutens fagpris for beste regi underhaldning, og han fekk commended-utmerking av den europeiske kringkastingsprisen Prix Circom i 2025 og 2026.
Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare har han arbeidd som journalist og spaltist i m.a. NRK Sogn og Fjordane, NRK Vestland, NRK Kulturnytt, Dag og Tid og Klassekampen.
Han har gitt ut fleire bøker. I 2009 kom Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk, og i 2013 gav han ut Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.
Prisar og utmerkingar
- Gullrutens fagpris 2026, beste regi einkamera underhaldning.[1]
- Commended-utmerking, Prix Circom 2026.[2]
- Commended-utmerking, Prix Circom 2025.[3][4]
- Nominert til Gullruten 2025, beste reality- og livsstilsprogram.[5]
- Nominert til Gullrutens fagpris 2025, beste regi einkamera underhaldning.[6]
- Årets grasrottrenar, Sogn og Fjordane 2025.[7]
Bibliografi
Bøker
- 1998 – Fri (Trondheim: Tapir). ISBN 82-519-1318-7 I fulltekst ved nb.no [Red. saman med Tore Hugubakken]
- 2000 – Bølgedager: reportasjer om studenter (Trondheim: Tapir). ISBN 82-519-1573-2 I fulltekst ved nb.no [Red. saman med Eiliv Gunleiksrud]
- 2007 – Austen og Vesten på kollisjonskurs: politikarar i Aust-Timor sine oppfatningar av demokrati (Trondheim: Eige forlag)
- 2009 – Den gode viljen: ein dokumentar om norsk fredspolitikk (Oslo: Spartacus). ISBN 978-82-430-0481-8
- 2013 – Når far treng meg: ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg (Oslo: Spartacus). ISBN 978-82-43007604
Kjelder
- ↑ Fish, Personvern Design og kode: Big, Noralv Pedersen for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu | Gullruten (på norsk bokmål), henta 11. juni 2026
- ↑ Tonja, «CIRCOM Regional», CIRCOM Regional (på engelsk), henta 11. juni 2026
- ↑ Tonja. «CIRCOM Regional». CIRCOM Regional (på engelsk). Henta 11. juni 2026.
- ↑ Ighanian, Catherine Gonsholt (23. mai 2025), ««Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» vant pris i Barcelona», VG (på norsk), henta 11. juni 2026
- ↑ Hovland, Svein Erik (11. april 2025), «Tre nominasjonar til Noralv og «Der ingen skulle tru …»: – Eg får leita fram ein eller annan dress», Sogn Avis (på norsk), henta 11. juni 2026
- ↑ Hovland, Svein Erik (11. april 2025). «Tre nominasjonar til Noralv og ‘Der ingen skulle tru …’: – Eg får leita fram ein eller annan dress». Sogn Avis (på norsk). Henta 11. juni 2026.
- ↑ «Årets Grasrottrenar 2025», fotball.no – Norges Fotballforbund (på norsk), henta 11. juni 2026
Bakgrunnsstoff
- Forfattarside ved spartacus.no
