Wibeke Knagenhjelm

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 14. desember 1918 Oslo kommune 

Død: 1. november 2003 (84 år) Oslo kommune 

Yrke: journalist, manusforfattar

Ektefelle: Nils Joachim Knagenhjelm 

Wibeke Knagenhjelm

Wibeke Sophie Knagenhjelm (fødd Haffner, fødd 14. desember[1] 1918 i Oslo, død 1. november 2003) var ein norsk journalist, motstandskvinne, lokalhistorikar og manusforfattar.[2]

Virke

Etter examen artium frå Frogner skole og ex.phil ved Universitetet i Oslo, studerte Knagenhjelm sosialøkonomi eit par semester,[3] før ho vart assistent ved den tyske Charlotte Bühler (1883–1974) sitt psykologisk-pedagogiske rådgjevingsinstitutt, ho hadde flytta hit i 1938. I 1939 fekk Knagenhjelm jobb i Aftenposten og i september 1942 vart ho arrestert for å ha drive den ulovlege avisa Budstikken. Ho slutta då i Aftenposten, og vart hemmeleg aktiv i Milorg medan ho i 1943 fullførte Oslo Husmorskole. Wibeke gifta seg i 1944 med medmotstandsmann Nils Joachim Knagenhjelm (1920–2004) frå Kaupanger i Sogndal kommune, ein av dei som hausten 1944 fekk i stand «Siskin», ei lokal Milorg-gruppe i indre Sogn. Wibeke vart også arrestert før frigjeringa og halden som gissel i fleire månader for å lokka fram ektemannen.[4]

Wibeke var husfrue på Kaupanger hovudgard, her fotografert av Francis Bull.

Nils var av den kjende slekta Knagenhjelm som hadde halde til på Kaupanger hovudgård. Han var ordførar i Sogndal 1968-1975 og mottok St. Olavs Orden.[5][treng kjelde] Wibeke vart husfrue og fekk stifta Kaupanger og Amla Husmorlag i 1950. Ho sat i Norges Husmorforbund sitt kretsstyre og i barnevernsnemnda i Sogn og Fjordane. På 1960-talet stod ekteparet bak oppussinga av Kaupanger stavkyrkje, og Wibeke laga program om dette for Norsk rikskringkasting (NRK). Ho vart også lokalkjend for å ha forfatta fleire manuskript til historiske teateroppsetjingar. Knagenhjelm var med på å starta historielaget i Sogndal. I 1986 sette ho i gang arbeidet for å få bevart det gamle Munthehuset som ligg i Ytre Kroken i Luster, der mellom andre Gerhard Munthe (1795–1876) var fødd. For alt dette mottok ho i 1992 «Urnesnåla» frå Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane, og også Sogndal kommune sin kulturpris.[6]

Ho skreiv for Aftenposten utover 1950-talet, men då som bokmeldar og tidvis med psevdonyma «Roro» og «Moi Méme».[7] Etterkvart kom det også forteljingar frå kulturarbeidar på Vestlandet, og frå 1969 til 1985 skreiv ho meir fast, ei tid som sommarvikar i sosietetsspaltar i bladet.[8] Wibeke var dotter av major Michael Sverdrup Haffner (1872–1931) og Ruth Skridshol (1895–1993).[7][9] Faren var oldebarn av eidsvollsmannen Georg Sverdrup og hadde sidan 1919 skrive om både kunst og historie som medlem av Aftenposten sin redaksjon. Han vart i 1927 major og sjef for Søndhordland landvernsbataljon, men døydde i 1931 etter kort sjukeleie.[10]

Bibliografi

Bøker

  • 1968 – Festskrift til Kaupanger Ungdomslag : 1908 – 25.oktober – 1968 (Leikanger: Ingvald Husabø Prenteverk)  [Redigert av Wibeke Knagenhjelm]
  • 1990 – Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3076-3 I fulltekst ved nb.no

Drama

  • «Kaupanger kirke gjennom 800 år», filmproduksjon for NRK
  • «Slaget ved Fimreite», teatermanuskript 1984. I anledning at det var 800 år siden Slaget ved Fimreite, først avholdt i 1184.
  • «Klokkesong[daud lenkje]», 1984. Syngespill på latin og norrønt til musikk av Arne Nordheim i anledning ovennevnte 800-årsjubileum.[11]
  • «Maktkamp ved Hjørungavåg», teatermanuskript 1986. Også omtalt som «Oppgjør ved Hjørungavåg» da det ble oppført 14.-16. august 1986 i anledning at det var tusen år siden Slaget ved Hjørungavåg, først avholdt i år 986.[12]
  • «Draum over fjell og hav» manus, 1987.

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Referansar
  1. ↑ Fødselsdatoen er henta frå bursdagsartikkelen Husfrue og journalist i Aftenposten den 14. desember 1988.
  2. ↑ Jan Stedje, Wibeke Knagenhjelm død i Bergens Tidende den 6. november 2003.
  3. ↑ 50 år i Aftenposten den 14. desember 1968.
  4. ↑ Milorg-basen i Sogndalsdalen i Fylkeleksikon Sogn og Fjordane.
  5. ↑ Jamfør artikkelen «Nils J. Knagenhjelm» i dansk Wikipedia, forfatta sommaren 2013.
  6. ↑ .mw-parser-output code.cs1-code{color:inherit;background:inherit;border:inherit;padding:inherit}.mw-parser-output .cs1-hidden-error{display:none;font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-visible-error{font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-maint{display:none;color:#33aa33;margin-left:0.3em}.mw-parser-output .cs1-subscription,.mw-parser-output .cs1-registration,.mw-parser-output .cs1-format{font-size:95%}.mw-parser-output .cs1-kern-left,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-left{padding-left:0.2em}.mw-parser-output .cs1-kern-right,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-right{padding-right:0.2em}Wibeke Knagenhjelm i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 2016-08-17, henta 2016-07-06 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. ↑ 7,0 7,1 Studentene fra 1938 : biografiske opplysninger, statistikk og artikler samlet til 25 års jubileet 1963 utgitt av bokkomiteen for studantane i 1963.
  8. ↑ Eva Braathen Dahr og Gerda Vislie, Wibeke Knagenhjelm, nekrolog i Aftenposten den 7. november 2003.
  9. ↑ Mora sitt dødsår frå Gravferdsetaten i Oslo.
  10. ↑ Major M. S. Haffner i Aftenposten den 21. august 1931.
  11. ↑ Mona Levin, Æresborger med egen konsert i Aftenpoften den 30. november 1985.
  12. ↑ Eva Braathen Dahr, Vardene tennes igjen i Aftenposten den 17. juni 1986.

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord