
Jens Olavson Espedal
Fødd: 5. februar 1898
Død: 13. november 1925 (27 år)
Yrke: skribent
Sjanger: Dikt, prosa
Debut: Kvardagskvæde, 1926
Jens Olavson Espedal
Jens Olavson Espedal (fødd 5. februar 1898 på Espedal, død 13. november 1925)[1] var ein radikal forfattar med røter i bondesamfunnet. Han var elev ved Mo jordbruksskule i Førde i 1917 og ved Voss folkehøgskule 1920 til 1921.
Diktsamlinga Kvardagskvæde vart gjeven ut posthumt av slektningar i 1926 året etter at Espedal døydde 27 år gamal. Aasulv Stave meldte lyrikkboka til Jens Olavson Espedal i avisa Firda Folkeblad i april utgjevingsåret og i omtalen heiter det mellom anna «…stemningsfulle dikt i ei lett skyneleg og folkeleg form utan store fakter».[2] Bokmeldar Stave var uroa over sjukdomen som til slutt kravde livet til Espedal, og dette kom til uttrykk i eit dikt kalla «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren» publisert i Firda Folkeblad to månadar før Espedal døydde.[3]
Jens Olavson Espedal fekk også på prent dikt i målbladet Unglyden, i det litterære tidsskriftet Ung Norig og avisa Gula Tidend. Han sette om dikt av Gustav Fröding frå Sverige, og fekk dei prenta i Gula Tidend.[4]
Aasmund Olavsson Vinje var ein særs viktig inspirasjonskjelde for Jens Espedal, og mellomnamnet Olavsson henta han frå Vinje.
Jakob Sande var inspirert av radikalismen til Jens Olavson Espedal, meiner Sande-biograf Ove Eide.
Bibliografi
Bøker
1926 – Kvardagskvæde (Svorkmo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Referansar
Kjelder
- .mw-parser-output code.cs1-code{color:inherit;background:inherit;border:inherit;padding:inherit}.mw-parser-output .cs1-hidden-error{display:none;font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-visible-error{font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-maint{display:none;color:#33aa33;margin-left:0.3em}.mw-parser-output .cs1-subscription,.mw-parser-output .cs1-registration,.mw-parser-output .cs1-format{font-size:95%}.mw-parser-output .cs1-kern-left,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-left{padding-left:0.2em}.mw-parser-output .cs1-kern-right,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-right{padding-right:0.2em}«Jens Espedal, bonderadikal skribent og forfattar frå Fjaler i Sunnfjord». Allkunne. Henta 24. juli 2014.
- Ove Eide (2002). «Bonde og bolsjevik : ein sunnfjordsk Olavson (Vinje)». Jakob Sande. 2002: 178-205.
{{cite journal}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Årbok Jakob Sande-selskapet gir ut - Arne Gallis, red. (1942). Nynorsk bokliste : fjerde bandet 1926-1935 (med tillegg). Oslo: Samlaget.
- Carl Lauritz Lund-Iversen (red.) (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag.
- Aasulv Stave (1925-09-15). «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren». Firda Folkeblad: 1.
- Aasulv Stave. «Jens Olavson Espedal. Kvardagskvæde». Firda Folkeblad. 30.4 1926, s. 2.
Bakgrunnsstoff
- (no) Bøker av Jens Olavson Espedal hos Nasjonalbiblioteket
- Jens Espedal. «Til Ungdomslagi og norskdomsfolket i Fjaler!». Firda Folkeblad.
- Om Jens Olavson Espedal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Carl Lauritz Lund-Iversen, red. (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag. s. 59-60. ISBN 8290576137.
{{cite book}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) [Dikta «I yngd og vaar», «Det er mykje rart i verda –», «Dagskvæde», og «Skalden»] - Gravminner
