Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 19. september 1986 (39 år) Førde kommune 

Yrke: radioprogramleiar, programleiar, journalist

Organisasjon: Norsk rikskringkasting

Ektefelle: Tuva Fellman 

Prisar: Årets radionavn, Årets programleder, Kringkastingsprisen, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase (fødd 19. september 1986) er ein norsk journalist og platepratar frå Førde tilsett i P3. I 2009 vann han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.[1]

Under Prix Radio 2011 vart han, saman med Live Nelvik tildelt både årets radionamn og årets programleiar for jobben dei hadde gjort i P3Morgen for NRK P3.[2]

Han fekk Kringkastingsprisen 2019.[3]

Deltakingar på radio og fjernsyn

Radio

  • 2009–2019: P3morgen, NRK P3, programleiar
  • 2021: Julestemning med Live og Ronny, NRK P3, programleiar

Film

  • 2011: Få meg på, for faen, lastebilsjåfør

Fjernsyn

  • 2009–2019: P3aksjonen, programleiar
  • 2013: Adresse Malmö, paneldeltakar
  • 2013–2019: P3morgens store Eurovision-fest, programleiar
  • 2014–2015: Sommeråpent, programleiar
  • 2017: Linn & Ronnys tacoshow, programleiar
  • 2018: Jorden rundt på 6 steg, deltakar
  • 2019: P3 Gull, programleiar
  • 2020: Sommerbilen, programleiar saman med Tuva Fellmann
  • 2020–2021: Melodi Grand Prix, programleiar
  • 2021: Eit feitt liv, programleiar
  • 2022: Den store matfesten, programleiar

Bøker

  • Ronny Brede Aase (2020). Lukk auga og tenk på taco. Gyldendal forlag. s. 225. ISBN 9788205541856. 

Kjelder

  1. Geirmund Henjum (2009). «Pris til platepratar». Norsk Tidend (3): 3. 
  2. Aftenposten, 01.10.11: De er årets radionavn
  3. Kringkastingsprisen 2019 til Ronny Brede Aase! – Kringkastingsringen, henta 2. mars 2021 

}


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord